Sakmara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sakmara
elv
Sakmara near Saraktash.jpg
Sakmara nær Saraktasj
Land Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 30 200 km²
Lengd 760 km
Middelvassføring 144 /s
Kjelde Abzelilovskij rajon i Basjkortostan
Munning Uralelva
Wikimedia Commons: Sakmara River

Sakmara (russisk Сакмара; basjkirsk Һаҡмар, Haqmar) er ei elv i Basjkortostan og Orenburg oblast i Russland og ei av sideelvane til Uralelva.

Elva er 760 km lang og har eit nedslagsfelt på 30 200 km².

Elva har kjelda si lengst sør i Uralfjella i Basjkortosan, sørvest for Magnitogorsk. Ho renn først sørover og vender vestover ved byen Kuvandyk, parallelt til Uralelva. Ved byen Orenburg munnar Sakmara ut i Ural. Andre stader langs elva er Tsjorny Otrog, Sakmara, Nikoskij og Tatarisk Karagala.

Somme stader vert elva opp mot 80 meter brei og har eit djup opp til fem meter.

Av sideelvar til Sakmara finn ein Krepostnoj Zilair, Zilir, Bolsjoj Ik, Katrala og Jelsjanka.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]