Saksarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Romarriket under Hadrian (117–138), med opphavsområdet til saksarane avmerka, i stor grad dagens Schleswig-Holstein.

Saksarar[a] var ei gruppe germanske stammar som først er omtalte i skriftlege kjelder for å vera lokalisert i nærleiken av kysten av Nordsjøen i det som i dag er Tyskland (Gamle Sachsen) i sein romersk tid. Dei blei snart omtalte for å ha angripe, herja og busett seg i mange område ved Nordsjøen, i tillegg til å pressa seg sørover mot frankarane. Mange av dei busette seg i store delar av Dei britiske øyane i det som i dag er England i tidleg mellomalder, og utgjorde ein del av den samanslåtte gruppa av angelsaksarar som til sist organiserte det fyrste sameina kongeriket England.[1] Mange saksarar blei likevel verande i Germania der dei stod imot og gjorde motstand mot det ekspanderande Frankarriket ved leiarskapet til den semi-legendariske saksiske helten Widukind. Fleire historikarar meiner at frankernes krigføring og kristning av sakserne skremte saksarane skandinaviske naboar i nord og gav støyten til vikingane sine utfall mot kristne mål på dei britiske øyane og på det europeiske kontinentet. Professor Torgrim Titlestad har foreslått at utviklinga av vikingskipet og vikingåtak mot kristne mål som klosteret på Lindisfarne, har hatt eit underliggande preventivt formål – at skandinavane ville synleggjera at dei var overlegne frankarane til sjøs.

Saksiske gjenstandar i Museum Nienburg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein reknar med at den eldste busetjinga til saksarane var i Nordalbingia, eit område som omtrentleg utgjer dagens region Holstein, like sør for dagens Danmark, nord i Tyskland. Dette generelle området utgjer òg det antakelege heimlandet til det nærskylde folkeslaget anglarar. Det er sannsynleg at saksarar som er omtalte i latinsk litteratur i røynda var nærskylde folk frå heile området frå Slesvig til dagens Nederland. Arkeologi har avdekt førkristne gravstader som særleg i keramikkfunn viser den same generelle kulturen.[2] Saksarar deltok saman med anglarar og andre germanske stammar i den angelsaksiske busetjinga av Britannia i løpet av og etter 400-talet. Den eksisterande britisk-keltiske befolkninga på dei britiske øyane refererte til dei germanskspråklege innvandrarane kollektivt som «saksarar», uansett kva stamme dei tilhøyrde.[3] Det er ukjent kor mange saksarar som utvandra frå det europeiske fastlandet til Britannia, men det er gjort lause utrekningar om at det totale talet på angelsaksiske busetjarar var rundt 200 000. Slike tal er likevel misvisande utan samanlikningsgrunnlag med til dømes den eksisterande befolkninga på Britannia.[4] Saksarane tok med seg det gammalsaksiske språket, ei eldre form for nedertysk, som har utvikla seg til dagens engelsk. I løpet av mellomalderen skipa det internasjonale Hansaforbundets handelsruter og utvandring til handelsstasjonar utanfor kjerneområdet sitt i nordlege Tyskland, slik at saksarar framleis blanda seg med og hadde sterk innverknad på språk og kultur i Skandinavia og landa rundt Austersjøen.

I språk som finsk og estisk er saksarar i dag nemnde i namna på Tyskland og tyskarar (Tyskland Saksa på begge, tyskarar saksalaiset og sakslased), medan i nokre keltiske språk er saksarar namnet på engelskmenn (jf. det skotske ordet sassenach, avleidd frå skotsk-gælisk sasunnach, og i irske sasanach, bretonske saouzon og walisiske sais).

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Saksarane kan ha fått namnet sitt avleidd frå sax, ei form for kniv som dei var kjende for. Sax eller seax har fått ein varig symbolsk innverknad på dei engelske grevskapa Essex og Middlesex, som begge har tre knivar av denne typen i dei seremonielle emblema sine. Stadnamna for Essex og Middlesex, saman med Sussex og Wessex, inneheld også leivningar av ordet saksarar, og har følgjande meining: Essex (austsaksarar), Middlesex (midtre saksarar), Sussex (sørsaksarar) og Wessex (saksarar).[5]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. latin saxones, angelsaksisk seaxe, gammalsaksisk sahson, nedertysk sassen, tysk sachsen, nederlandsk saksen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Middleton, Haydn (2001): Romans, Anglo-Saxons & Vikings in Britain. Heinemann, ISBN 978-0-431-10209-2, s. 7f
  2. Stenton, F. M. (1971): Anglo-Saxon England, 3. utg., Oxford: Clarendon Press. ISBN 0192801392, s. 11
  3. Young, Simon (2006): AD 500 A journey through the dark isles of Britain and Ireland, Phoenix, s. 36
  4. Thomas, Mark; Stumpf, Michael; Härke, Heinrich (18. juli 2006): «Germans set up an apartheid-like society in Britain», University College London
  5. «Saxon», Oxford English Dictionary.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bachrach, Bernard S. (1971): Merovingian Military Organisation, 481–751. Minneapolis: University of Minnesota Press.
  • Goldberg, Eric J. (juli 1995): «Popular Revolt, Dynastic Politics, and Aristocratic Factionalism in the Early Middle Ages: The Saxon Stellinga Reconsidered» i: Speculum, 70 (3), s. 467–501.
  • Hummar, J-en Hans. (2005): Politics and Power in Early Medieval Europe: Alsace and the Frankish Realm 600–1000. Cambridge University Press.
  • Reuter, Timothy (1991): Germany in the Early Middle Ages 800–1056. New York: Longman.
  • Reuter, Timothy, overs. (1992): The Annals of Fulda. Manchester Medieval series, Ninth-Century Histories, Volume II. Manchester: Manchester University Press.
  • Stenton, Frank M. (1971): Anglo-Saxon England. 3. utg. Oxford University Press.
  • Thompson, James Westfall (1928): Feudal Germany. 2 bind. New York: Frederick Ungar Publishing Co.
  • Titlestad, Torgrim: Utbrotet til vikingtida, Sagabok, Stavanger 2017.
  • Wallace-Hadrill, J.M., overs. (1960): The Fourth Book of the Chronicle of Fredegar with its Continuations. Connecticut: Greenwood Press.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]