Saksenebbar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Saksenebbar


Amerikasaksenebb Rynchops niger
Amerikasaksenebb Rynchops niger

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Rynchopidae eller[1][2]
Laridae:Rynchopinae
Artar

Saksenebbar Rynchopidae, er ein familie av tre artar terneliknande fuglar i ordenen vade-, måse- og alkefuglar, Charadriiformes. Familien består av amerikasaksenebb, afrikasaksenebb og indiasaksenebb, funnen i tropisk og subtropisk Amerika, Afrika og Sør-Asia høvesvis.

Dette er dei einaste fugleartane med ei særprega ulik lengd mellom overnebb og undernebb, kor undernebbet er lengst. Denne frapperande tilpassinga tillèt saksenebbane å fiske på ein eineståande måte. Dei flyg lågt og fort over vatnet med undernebbet ned i overflata klar til å lukke nebbet over småfisk som ikkje kjem seg unna. Dette er dei einaste fuglane kjent for å ha pupillar som snevrar seg i ein vertikal spalte. Saksenebbar flokkar seg i lufta og kviler ved elvebankar og på kystnære sandbankar.

Saksenebbar legg 3-6 egg på sandstrender. Hoa rugar egga. På grunn av at artane har avgrensa hekkehabitat er dei sårbare for uroingar på hekkestadene. Ein art, indiasaksenebb, er lista som sårbar av IUCN grunna dette, samt av øydelegging og nedbrytning av innsjøar og elvar kor fuglane plar finne føde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clementslista frå desember 2008 listar saksenebbar som ein underfamilie Laridae: Rynchopinae
  2. IOC-lista flettar saksenebbar og terner samman med måsar i Laridae

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]