Saksumdal kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Saksumdal kyrkje
Saksumdal kirke
Foto: Ole Anders Flatmo
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Hamar
Prosti Sør-Gudbrandsdal
Sokn Saksumdal
Fellesråd Lillehammer
Type Langkyrkje
Teknikk Lafteverk
Material Tre
Innvigd 26. august 1875
 - Endringar 1928, 1934 (sakristi), 1951, 2000
Tårn I vest
Kyrkjegard Ved kyrkja
Altartavle Kristian Svendsrud
Sitjeplassar 130
Kart
Saksumdal kyrkje
61°6′49″ N 10°18′21″ E
Wikimedia Commons: Saksumdal kirke

Saksumdal kyrkje er ei langkyrkje frå 1875 i Lillehammer kommune, Oppland fylke, om lag ei mil vest for Lillehammer by.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Arbeidet med kyrkja tok til i 1874 etter at Anders Hovland hadde gjeve tomt til kapell. Murmeister Pedersen og snikkarmeister Kristian Svendsrud var leigde inn, medan resten av arbeidet vart gjort på dugnad. Saksumdølane stilte tømmer og arbeidskraft til disposisjon. Dei første åra hadde ikkje kyrkja omn, da det ikkje var murt pipe. Kapellet var vigsla 26. august 1875 av Halvor Olsen Folkestad. Bygget er i dag titulert som kyrkje.

Bygningen[endre | endre wikiteksten]

Bygningen har vorte ein del endra. Det vart lagt inn straum i 1928 og bygd sakristi i 1934. I 1951 vart bygningen restaurert, og det vart sett inn blyglasvindauge. Ein har sidan fått gravkjellar, uthus og flaumljos. Rullestolrampe kom på plass på 1980-talet.

Interiør[endre | endre wikiteksten]

Altertavla vart laga av snikkarmeister Svendsrud og gjeve til kyrkja som gåve av tomtegjevaren Anders Hovland. Det første orgelet kom i 1895 og er no erstatta med eit nytt.

På 1980-talet vart alteret utsmykka med tekstiler av tekstilkunstnaren Inger Holbø, som òg har laga messehakel.

I 2000 fikk kyrkjerommet bilete laga av biletkunstnar Borgny Farstad Svalastog.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]