Saku Koivu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Saku Koivu

Saku Antero Koivu (fødd 23. november 1974) er ein finsk tidlegare ishockeyspelar frå Turku. Han var sentral i det finske mannskapet som i 1995 vann Finlands fyrste VM-tittel i ishockey.

Koivu var senterløpar. Perioden 1994-2008 var han med på å verte verdsmeister med Finlands landslag og elles vinne to VM-sølv, eitt OL-sølv, tre OL-bronsar og ein VM-bronse. Under verdsmeisterskapen 1995 kom han med på All Star Team og vart kåra til den beste spelaren i turneringa.

Frå 1992 til -95 spelte Koivu på Turun PS, eit lag frå heimbyen som vart finsk meister både i 1993 og 1995. Deretter gjorde han teneste i Montreal Canadiens i National Hockey League i tida 1995 til 2009, bortsett frå 2004/05-sesongen då han atter var å sjå i Turun-drakta. Koivu avslutta åra i NHL med spel for Anaheim Ducks perioden 2009-14.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]