Salah Khalaf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Salah Khalaf
Fødd1933
Jaffa
Død14. januar 1991
Tunisia
Statsborgar avPalestina
PartiFatah
Yrkepolitikar
Utdanna vedAl-Azharuniversitetet

Salah Mesbah Khalaf (193314. januar 1991) eller Abu Iyad (arabisk أبو إياد) var nestleiar og etterretningssjef for den palestinske frigjeringsorganisasjonen (PLO), og var med på å danne det politiske partiet Fatah, saman med mellom andre Yasir Arafat.

Khalaf kom frå Jaffa og studerte litteratur. Han flytte til Kairo tidleg på 1950-talet. Det vart han medlem av det muslimske brorskapet. I 1951 møtte han Yasir Arafat på al-Azhar-universitetet under eit møte i den palestinske studentunionen. I 1958 danna han organisasjonen Fatah med Arafat og andre palestinarar frå Gaza i Kuwait.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Said Aburish (1998). From Defender to Dictator. New York: Bloomsbury Publishing. ISBN 1-58234-049-8. 
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.