Salah ad Din guvernement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Salah ad-Din guvernement)
Saladin guvernement
صلاح الدين
guvernement
Land  Irak
Guvernør Raed al-Jabouri
Koordinatar 34°27′N 43°35′E / 34.450°N 43.583°E / 34.450; 43.583
Hovudstad Tikrit
Areal 24 751 km²
Folketal 1 408 200  (2011)
Folketettleik 57 / km²
Kart
Salah ad Din guvernement
34°27′00″N 43°35′00″E / 34.45°N 43.583333333333°E / 34.45; 43.583333333333
Wikimedia Commons: Saladin Governorate

Saladin eller Salah ad Din guvernement (arabisk صلاح الدين, Ṣalāḥ ad-Dīn) er eit guvernement i Irak, nord for Bagdad. Guvernementet har eit areal på 24 363 km². I 2003 hadde provinsen like over éin million innbyggjarar. Det administrative senteret er Tikrit, men Samarra, som òg ligg i guvernementet er ein langt større by. I 1976 vart guvernement ein del av Bagdad guvernement.

Provinsen er kalla opp etter Saladin (skriven Salah ad-Din med moderne latinsk transkripsjon av arabisk), ein muslimsk leiar som slo krossfararane ved Hattin, og som kom frå provinsen. Salah ad Din var heimstaden til Saddam Hussein. Han var fødd i Al-Awja, ein by nær Tikrit.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Malwiya minaret ved Den store moskeen i Samarra

Fleire viktige religiøse og kulturelle stader ligg i Saladin guvernement. I Samarra, den største byen i guvernementet, ligg både Al-Askari-heilagdomen (ein viktig religiøs stad i sjiaislam der sjiaimamar frå 800- og 900-talet er gravlagd), Sardab, der imamen al-Mahdi frå 1100-talet gøymde seg, og Den store moskeen i Samarra med den særeigne minareten sin Malwiya. Samarra var òg hovudstaden til abbasidane på 800-talet, og i dag er Abbasid Samarra ein verdsarvstad. Den nyassyriske oldtidsbyen Assur ligg i Al-Shirqat-distriktet ved breidda av Tigris. Andre stader i guvernementet er Krossfarardomen (القبة الصلبية) nord for Samarra og Al-`Ashaq-palasset (قصر العاشق).

Sjølvstyre[endre | endre wikiteksten]

I oktober 2011 erklærte styret i Saladin guvernement seg sjølv som ein delvis sjølvstyrt region i Irak. Guvernementet forklarte at erklæringa var eit svar til den irakiske regjeringa sin «dominans over provinsstyresmaktene».[1] Saladin, som hovudsakleg vert styrt av sunniar, har òg håpa på at ved å erklære seg sjølv som sjølvstyrt region i Irak, så ville dei få meir økonomisk støtte frå staten.[1]

Distrikt[endre | endre wikiteksten]

Distrikt i Salah ad Din

Byar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Hammoudi, Laith. «Saddam's home province declares regional autonomy in Iraq». McClatchy Newspapers. Henta 6. november 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Salah ad Din guvernement