Salamandrar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Salamandrar
Salamandra salamandra MHNT 1.jpg
Utbreiing
Utbreiinga av salamandrar
Utbreiinga av salamandrar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Amfibium Amphibia
Underklasse: Lissamphibia
Overorden: Batrachia
Orden: Salamandrar Caudata
Fischer von Waldheim, 1813

Salamandrar (Caudata) er ein orden av amfibium. Dei er kjende frå tempererte og varme strøk verda over.

Artar[endre | endre wikiteksten]

Ein reknar med rundt 566 nolevande artar fordelte på tre underordenar og ti familiar.[1] Den største arten er kinesisk kjempesalamander (Andrias davidianus) som kan bli 1,5 meter. I Noreg finst det to artar, storsalamander og småsalamander[2]

Anatomi og fysiologi[endre | endre wikiteksten]

Liten salamander

Salamandrar har som regel ein langstrekt, slank kropp. Fleire av dei har stor rørslefridom, og kan nærast bøya seg som slangar. Nokre har ein slik utsjånad at hovudet nesten går i eitt med resten av kroppen. Nokre av dei har svært små bein, og nokre få salamandrar manglar bakbein og har berre forbein. Nokre er så å seia blinde, og lever på stader med lite lys. Visse artar, som familien Plethodontidae, er landlevande og unngår vatn. Enkelte lever i vatnet heile livet og beheld gjellene, som regel saman med lunger.

Armpadder (òg kalla armsalamandere) i underordenen Sirenoidea er såpass avvikande at enkelte meiner dei høyrer heime i sin eigen orden kalla Meantes eller Trachystomata. Mellom anna manglar dei heilt baklemmer, og dei små og degenererte tennene som er relativt få, er til dels erstatta av eit forhorna nebb. Men den noverande posisjonen desse har som underorden i ordenen Caudata er truleg korrekt.

Fleire salamandrar har ei lang tunge som dei kan røra raskt og fanga insekt med. Ho har musklar som gjer at ho kan strekka seg ut og mekanisk bli trekt raskt tilbake.

Salamandra salamandra

Åtferd og miljø[endre | endre wikiteksten]

Salamandrar et insekt, sniglar, småe fiskar og eventuelt òg litt større virveldyr, som til og med kan omfatta andre salamandrar.

Vaksne salamandrar er ofte nattaktive. Dei gøymer seg om dagen og kjem fram om natta. Nokre salamandrar er nært knytte til visse årstider, og kjem fram først i forplantingstida. Salamandrar finst i mange forskjellige habitat. Nokr elever i ørkenen, nokre lever på fjellet, og det finst til og med nokon som klatrar opp i tre.

Nokre artar av dei lungelause salamandrane (familien Plethodontidae) har hatt ein enorm suksess når det gjeld tal på individ, og det blir sagt at dei i nokre område er så talrike at den samla biomassen deira overstig vekta av dei resterande biomassen av virveldyra i same område. Ein av grunnane til suksessen er at den beskjedne storleiken deira og forholdsvis låge metabolisme gjer dei i stand til å livnæra seg på byttedyr som er for små og/eller spreidd til at dei fleste andre tetrapodar, særleg dei varmblodige, kan basera kosthaldet sitt på dei. Dermed har dei ein heil nisje av betydeleg storleik til rådvelde der konkurranse frå andre virveldyr så å seia ikkje slår.

P. axanthus

Formeiring[endre | endre wikiteksten]

Hjå mange salamandrar går forplantingsakta føre seg på den måten at hoa følgjer etter hannen over ei lang strekning. Hannen legg frå seg ein spermatofor, ein kapsel med sæd, på bakken som hoa så går over. Når ho gjer dette, blir sæden tatt opp i kjønnsorgana hennar. Underordenane Sirenoidea og Cryptobranchoidea har ytre befrukting.

Egga blir ofte lagde i vatn, medan hjå nokre går forplantinga og egglegginga føre seg på land. I mange tilfelle liknar yngelen på dei vaksne, men har på det tidlegaste stadiet ingen bein. Hjå fleire salamandrar har yngelen gjeller og er nært knytt til vatn. Desse utviklar seg etterkvart slik at dei får lunger. Nokre held på slike yngelaktige trekk etter at dei er vaksne, og fortset å vera nært knytte til vatn. Andre held på gjellene samtidig som dei har utvikla lunger. Hjå nokre artar blir egga klekte til små salamandrar som i høg grad liknar dei vaksne.

Nokre salamandrar legg ikkje egg, men er ovivipare, det vil seia dei held egga inne i kroppen til dei blir klekte.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rødliste fra IUCN besøkt 13. januar 2010.
  2. «Artsdatabankens artsopplysninger». Artsdatabanken. 2. august 2020. Henta 2. august 2020. 
  3. Cogger, H.G.; Zweifel, R.G. (1998). Lanza, B., Vanni, S.; Nistri, A., red. Encyclopedia of Reptiles and Amphibians (engelsk). San Diego: Academic Press. s. 60-68. ISBN 0-12-178560-2. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Salamandrar