Salangsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 68°53′41.784″N 17°34′46.193″E

Salangen, midt i biletet, frå Mjøsundet til Gratangen
Foto: Erlend Bjørtvedt (2013)

Salangen eller Salangsfjorden (samisk Siellakvuotna) er ein fjord i Salangen, Gratangen og Ibestad kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 25 km nordaustover til Løksebotn i botn av fjorden, men inkludert Sagfjorden er han 30 km lang.

Den ytste delen av fjorden går på sørsida av øya Andørja. Denne delen av fjorden vert stundom òg rekna som ein del av Astafjorden som ligg lenger sørvest på sørsida av Rolla.

Fjorden har innløp mellom Vindhammeren i nord og bygda Myrlandshaugen i sør. Grenda Løvdal ligg like aust for Myrlandshaugen. Kråkrø er ei grend på nordsida av fjorden på Andørja. Tvers over fjorden for Kråkrø går fjordarmen Lavangen søraustover til Tennevoll. Litt nordaust for Kårkrø ligg grenda Furnes og frå her svingar Mjøssundet nordover på austsida av Andørja. Mjøsundbrua kryssar sundet over til fastlandet.

Salangen held fram vidare nordaustover og på sørsida av fjorden ligg grendene Håkavik og Rotvik. Aust for Rotvik går Sagfjorden søraustover og inn til Laberg og Sjøvegan. Bygda Medby ligg på austsida av Salangen og nord for her går Løksefjorden den siste biten inn til Løksebotn.

Riksveg 848 går langs nordsida av fjorden, medan Riksveg 84 går langs austsida. På sørsida går Fv152 og Fv141.