Salbu i Bergen
Utsjånad
| Salbu | |||
| stad | |||
Salbu | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Hordaland | ||
| Kommune | Bergen | ||
| Postnummer | 5244 FANA | ||
| Gardnummer | 95 | ||
| Ferdselsårer | 546 Krokeidevegen | ||
| Wikimedia Commons: Salbu | |||
Salbu er ein gard i Fana i Bergen kommune på søraustsida av Fanafjorden.
Det er framleis gardsdrift på garden.
Namn
[endre | endre wikiteksten]Namnet kjem av det norrøne saltbuð, som tyder saltbu og som var ei bu som vart nytta i samband med saltkoking i gamal tid.
Historie
[endre | endre wikiteksten]
Garden høyrte frå mellomalderen til prestegodset ved Fana kyrkje. I 1851 og 1877 tok brukarane sjølv over garden.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Garden ligg på søraustsida av Fanafjorden langs vegen utover til Krokeide. Folldalshaugane (300 moh) ligg sør for garden.
Garden grensar til Fana prestegard med Fanahammaren i aust og til Rød i sør og vest.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Gunnar Hagen Hartvedt og Norvall Skreien (2009). Bergen Byleksikon (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 978-82-573-1761-4.
- Bergenskart - stednavnskart Arkivert 2020-02-17 ved Wayback Machine.