Salegy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Salegyartisten Jaojoby ved ein konsert i Paris.

Salegy (uttalt ˈsaleɡʲ) er ein populær musikksjanger frå Madagaskar. Moderne salegy er den gassiske musikktypen som har oppnådd størst suksess på den internasjonale marknaden, og er rekna som eit symbol på øya.[1] Musikkstilen er utbreidd på festar, klubbar, framsyningar og dansetilstellingar over heile øya.

Salegy har utspring frå folkemusikk i dei nordvestlege kystområda av Madagaskar. Eusèbe Jaojoby, ein sakalavasongar frå Antsiranana, var ein hovudperson i utviklinga av stilen og er vidt kjend som «Kongen av Salegy».[2] Nyare artistar som har bidrege til å spreia stilen er Ninie Doniah, Vaiavy Chila og Dr. J.B. and the Jaguars.

Dagens elektriske musikkform stammar frå tradisjonell akustisk musikk frå områda rundt Mahajanga og Antsiranana på 1950-talet.[3] Stilen er funky og energisk, dominert av elektrisk gitar, verkeleg eller synthesizer-trekkspel, elektrisk bassgitar, drivande perkusjon som vanlegvis omfattar tromesett, djembe og shaker.[1] Stilen er vidare kjenneteikna av ein polyfonisk vekselsong og synkopert, rask polyrytme med eit særskild trommemønster i 6/8 eller 12/4 takt med betoning på det 3. eller 7. slaget. Melodien og harmoniane er ofte i a-moll.

Ein av musikktypane salegy kan førast tilbake til er antsa, ei rituell musikkform framført av betsimisaraka+ og tsimihetyfolk.[4] I tillegg til likskapar i tempo, vokalstil og tendens til å gå i moll (til motsetnad frå høglandsmusikken) har både salegy og anstsa ein midtdel kalla folaka ('broten') der songarane oppfordrar til meir energisk dansing, og der både songarar og publikum kan innleia intrikat polyrytmisk klapping i takt med musikken.[3]

Artistar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Eyre, Banning. «Salegy». Afropop.com. Arkivert frå originalen 17. februar 2012. Henta October 10, 2010. 
  2. Radio France International (RFI) (September 2008). «Jaojoby». rfimusique.com. Arkivert frå originalen 10. desember 2010. Henta December 16, 2006. 
  3. 3,0 3,1 Randrianary, Victor (2001). Madagascar: les chants d'une île (på fransk). Actes Sud. ISBN 978-2-7427-3556-3. 
  4. Anderson, Ian (2000), «Ocean Music from Southeast Africa», The Rough Guide to World Music, Vol. 1: Africa, Europe and the Middle East, Rough Guides, s. 523–532, ISBN 978-1-84353-551-5, henta November 17, 2010 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]