Hopp til innhald

Salekhard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Salekhard
Салехард
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Jamalo-Nenetsk
Areal 19 km²
Folketal 51 188 (2021)
Grunnlagd 1595
   Bystatus 1938
Retningsnummer +7 34922
Bilnummer 89
Kart
Salekhard
66°32′00″N 66°38′00″E / 66.533333333333°N 66.633333333333°E / 66.533333333333; 66.633333333333
Wikimedia Commons: Salekhard

Salekhard (til 1933 Obdorsk) er hovudstaden i Jamalo-Nenetsk nordvest i Sibir i Russland, ikkje langt unna der elvene Poluj og Ob møter kvarandre. Salekhard er den einaste byen i verda som ligg nøyaktig på polarsirkelen. Det bur om lag 50 000 menneske i byen.

Salekhard er ein viktig hamneby langs breidda av Ob, og han har jarnbanesamband over Uralfjella til Vorkuta og vidare langs stambanen i republikken Komi til resten av det russiske jarnbanenettet. Byen har også flyplass.

I Salekhard er det fiskehermetikkindustri og skipsverft. Det kjem ut ei avis, Poljarnyj krug (Полярный круг). Fleire universitet har avdelingar i Salekhard.

Der Salekhard ligg har det tidlegare vore ein khanti-landsby, Polnovat-Vozj (Полноват–вож). Dei russiske erobrarane grunnla landsbyen Obdorsk (Обдорск) i 1595. Området rundt Obdorsk danna Obdorsk krins i tsartida.

Obdorsk vart administrativt sentrum i Jamalo-Nenetsia 10. oktober 1930. Landsbyen fekk nytt namn i 1933 og bystatus i 1938.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Salekhard