Hopp til innhald

Salepsrot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Salepsrot

Status i verda: LC Livskraftig

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Anacamptis
Art: A. pyramidalis
Vitskapleg namn
Anacamptis pyramidalis
(Linné) Rich.
Økologi
Habitat: kalkrik grasmark
Utbreiing: Europa, vestlege Asia, nordlege Afrika

Salepsrot (Anacamptis pyramidalis) er ei plante i narrmarihandslekta Anacamptis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1] Ho veks ikkje i Noreg.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Salepsrot var tidlegare den einaste arten i slekta Anacamptis,[2] men no er fleire artar flytta over frå vårmarihandslekta Orchis.[3][4]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

I Sverige finst salepsrot (svensk namn salepsrot) på Öland, der han har vore i tilbakegang, og på Gotland, der han er ganske vanleg. Arten er i Sverige rekna som livskraftig (LC).[5]

I Danmark (dansk namn horndrager) er han berre kjend frå nokre få spreidde funnstader, og er klassifisert som sårbar (VU).[6]

Salepsrot (engelsk namn pyramidal orchid) er vanleg over det meste av Dei britiske øyane. I både den britiske og den irske raudlista har arten status som livskraftig (LC),[7][8] på same måte som lokalt i England og Wales,[9][10] og han er ikkje nemnd for tiltak i Skottland.[11]

I Estland (estisk namn püramiid-koerakäpp) veks salepsrot på Saaremaa med berre eit par registrerte funn på fastlandet. Arten har status som sårbar (VU).[12]

I Benelux er arten (nederlandsk namn hondskruid, fransk namn orchis pyramidal) sjeldan i Nederland og er først og fremst å finne i Limburg og i dynelandskapet nær kysten. I Flandern i Belgia er han svært sjeldan, men i Vallonia er han ganske vanleg i Famenne og Gaume i søraust.[13][14] I den nederlandske raudlista er arten rekna som livskraftig (LC, thans niet bedreigd),[15] I Belgia er han rekna som nær truga (NT, bijna in gevaar) i Flandern og sårbar (VU, vulnérable) i Vallonia.[16][17] I Luxembourg er han rekna som sårbar (VU).[18]

Hybridar[endre | endre wikiteksten]

Salepsrot kan danne ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) med brudespore (Anacamptis pyramidalis × Gymnadenia conopsea eller ×Gymnanacamptis anacamptis).[19] Hybriden er observert sporadisk i England.[20]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar salepsrot». Artsdatabanken. Henta 28. februar 2022. 
  2. Johannes Lid og Dagny Tande Lid (1994). Norsk flora (6. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 723. ISBN 82-521-3754-7. 
  3. Horst Kretzschmar, Wolfgang Eccarius, Helga Dietrich (2007). The Orchid Genera Anacamptis, Orchis and Neotinea. Albersdorf, Tyskland: EchinoMedia. ISBN 978-3937107127. 
  4. «Artsdatabanken: Namnetre salepsrot». Artsdatabanken. Henta 28. februar 2022. 
  5. «Artfakta: Anacamptis pyramidalis salepsrot». Artdatabanken. Henta 28. februar 2022. 
  6. «Naturbasen: Horndrager Anacamptis pyramidalis». Naturbasen. Henta 28. februar 2022. 
  7. «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  8. «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022. 
  9. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  10. «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru». Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022. 
  11. «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022. 
  12. «eElurikkus: Anacamptis pyramidalis» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 2. februar 2023. 
  13. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Anacamptis pyramidalis». FLORON. Henta 15. januar 2024. 
  14. «Verspreidingskaart: Hondskruid – Anacamptis pyramidalis». Waarnemingen.be. Henta 18. januar 2024. 
  15. «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024. 
  16. «Rode Lijsten». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  17. «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  18. «Red List of the vascular plants of Luxembourg». Musée national d’histoire naturelle Luxembourg. Henta 15. januar 2024. 
  19. «PoWO: × Anacamptorchis anacamptis». Plants of the World Online. Henta 28. januar 2023. 
  20. Anne and Simon Harrap (2009). Orchids of Britain and Ireland (2. utg.). London: A & C Black. ISBN 978-1-408-10571-9. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]