Salfit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°04′55″N 35°10′56″E
Salfit
سلفيت, Salfeet, Selfit
kommune
City.of.salfit.west.bank.jpg
Salfit i 2012
Namneopphav: Druekorg
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Salfit guvernement
Koordinatar 32°04′55″N 35°10′56″E
Areal 4,0 km²
Folketal 8 796 (2007)
Folketettleik 2 199 / km²
Borgarmeister Shaher Eshtieh
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Salfit
Nettstad: www.salfeet.org

Salfit (arabisk سلفيت), òg skrive Salfeet, er ein palestinsk by sentralt på Vestbreidda. Salfit ligg 570 meter over havet, like ved den israelske busetjinga Ariel. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde Salfit eit folketal på 8 796 i 2007.[1] Han har vore styrt av Den palestinske sjølvstyresmakta sidan 1995 og har vore det administrative setet i Salfit guvernement sidan då.[2]

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Salfit i 2010

I følgje Salfit handelskammer, kjem ordet Salfit frå eit kanaanittisk ord som tyder «druekorg» (Sal tyder «korg» og fit tyder «druer».)[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

På 1100- og 1200-talet var Salfit busett av muslimar.[4]

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

Den moderne Salfit vart grunnlagd i osmansk tid.[5] I 1596 stod landsbyen oppført i osmanske skattelister under namnet Salfit al-Basal som ein del av i Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han eit folketal på 118 hushaldningar og to ungkarar, alle muslimar. Innbyggjarane betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, geiter og/eller bikubar.[6]

I denne tida var han eit senter for lokale landsbyar,[7] og var ein av mange store handelslandsbyar i området som var ein mellomstasjon mellom det administrative senteret i Nablus og mindre landsbyar.[8] I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Salfit som «ein stor landsby, i høgt lende, med olivenlundar kring seg, og ein dam i aust. Han er visstnok ein eldgammal stad med graver hogde ut i fjellet.» Det vart òg nemnt to vasskjelder vest for landsbyen.[9]

I 1916, mot slutten av det osmanske styret i Palestina, var Salfit ein av dei to største landsbyane i Nablus sanjak som produserte olivenolje. På de tida var det spaningar mellom innbyggjarane i landsbyen og kjøpmenn frå Nablus.[10] Ei av årsakene tild ette var eit grashoppeåtak på avlingane i Salfit året før, som hadde øydelagd avlingane til landsbyen.[11]

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

I 1948 var Salfit eit senter for Det palestinske kommunistpartiet.[12] Gjennom 1950-åra vart han ein stor skanse for kommunistrørsla og eit senter for anti-jordansk aktivitet (Vestbreidda vart annektert av Jordan etter den arabisk-israelske krigen i 1948.)[13] Salfit fekk kommunestatus i 1955.[3]

I 1989 stod kommunismen framleis sterkt i Salfit. Mellom den israelske okkupasjonen som byrja i 1967 etter seksdagarskrigen og Den første intifadaen, det palestinske opprøret som starta i 1987, arbeidde relativt mange av innbyggjarane, kring 600 av eit folketal på 4 500, i sjølve Israel og i den nærliggande israelske busetjinga Ariel. I Salfit var det fleire arbeidarar som arbeidde i israelske føretak enn i andre palestinske byar, fordi han låg nær grensa til Israel og fordi løna var mykje høgare i Israel.[14]

I byrjinga av den første intifadaen, boikotta nesten alle arbeidarane jobbane sine i Israel og året etter, då mange av palestinarane avslutta boikotten, vart kring halvparten av arbeidarane nekta å kome attende til jobbane sine. Dette førte til ein nesten «grøn revolusjon» i byen, då mange av arbeidarane måtte starte med jordbruk. Byen vart slikt sjølvforsynt med tomatar og agurkar, som ikkje var blitt dyrka her tidlegare. I tillegg vart det dyrka mange andre grønsaker.[14]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s. 112.
  2. palestinsk National Information Centre (ar)
  3. 3,0 3,1 Historie and Development. Salfit Chamber of Commerce.
  4. Ellenblum, 2003, s. 263.
  5. Shahin, 2005, s. 222.
  6. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 132
  7. Lockman, s. 143.
  8. Doumani, 1995, s. 166.
  9. Conder og Kitchener, 1882, vol 2, s. 287.
  10. Doumani, 1995, s. 150.
  11. Greenberg, 2010, s. 42.
  12. Bardin, 2012, s. 184.
  13. Lochman, 1989 s. 144.
  14. 14,0 14,1 Robinson, 1997, s. 58-60.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]