Salisbury

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Salisbury

Salisbury Cathedral
Salisbury Cathedral
Plassering
Salisbury is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Wiltshire
Distrikt Wiltshire
Grunnlagd
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

50 000
Koordinatar 51°4′″N 1°48′″WKoordinatar: 51°4′″N 1°48′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer SP1, SP2
Telefon-retningsnummer 0 1722
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Salisbury
Denne artikkelen handlar om byen Salisbury. For musikkalbumet, sjå Albumet Salisbury.

Salisbury (engelsk uttale /ˈsɔːlzbri/ eller /ˈsɒlzbri/, lokalt /ˈzɔːwzbri/, norsk tilnærma 'Sålsbri') er ein liten katedralby i Wiltshire i England. Staden er administrasjonsby i Salisbury-distriktet. Det blir nokre gonger kalla for New Sarum for å skape skilnad frå den opphavlege bustaden i Salisbury, Old Sarum.

Stadskildring[endre | endre wikiteksten]

Salisbury jernbanestasjon er innfartsåra til byen med linje frå London, og er ein regional jernbanekryssning mellom West of England Main Line og Wessex Main Line. Det er òg samanløp av fleire hovudvegar. Byen ligg søraust av Wiltshire, nær Salisbury Plain.

Det er samløp mellom fem elver her: Avon, Nabbar, Ebble, Wylye og Bourne. Den endelege elva er Avon (gammal-walisisk for 'elv'), som flyt til sørkysten og ut i sjøen ved Christchurch i Dorset. Denne Avon-elva blir nokre gonger referert til som Hampshire Avon for å skilje ho frå mange andre elver med same namn i Storbritannia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Salisbury-katedralen med det høgaste spiret i Storbritannia.
Den store vestfronten av Salisbury-katedralen

Opphavet til byen går tilbake til jernalderen, og romarane kalla han for «Sorviodunum». Det var eit slag mellom vest-saksarane og britane her, og då vart staden kalla «Searoburh». Normannarane bygde ei festning og kalla ho for «Searesbyrig» eller «Seresberi». Ved 1086, i Domesday Book («Dommedagsboken»), vart staden kalla for «Salesberie». Staden der festninga låg er no kjent som Old Sarum og er ikkje lenger busett. «Bury»-elementet i namnet er ei form av «borough» (borg) som er nærskyldt i ord og stadnamn i dei fleste germanske språk.

«Sarum» blir ofte blir feilaktig anteke å kome frå romersk eller normannisk som namn på den gamle byen og festninga, men «Sarum» kom i bruk då dokument vart skriven på forkorta latin, og det var enklere å skrive «Sar» med ein strek over «r» enn å skrive heile namnet «Saresberie». Denne samantrekningen var òg eit felles symbol for det latinske ordendinga «um». Det er for «Sar» med ein strek over «r» kopiert som «SarUM». Ein av dei første gongane ein kjenner til nytta av «Sarum» er på segelet til Saint Nicholas Hospital, Salisbury, der det var i bruk i 1239. Biskop Wyville (1330-1375) var den første biskopen som skildra seg sjølv som «episcopus Sarum».[1]

Den første katedralen vart bygd ved Old Sarum av biskop Osmond (seinare helgenforklart) mellom 1075 og 1092. Ein større bygning vart deretter bygd på same stad rundt 1120. Det dårlege tilhøvet mellom geistlegheita og dei militære styrkane ved Old Sarum førte til at ein vedtok å byggje katedralen ein anna stad. Det nye staden vart byen New Sarum, kjent som Salisbury. Staden skal etter sigande ha vorte valt ved skyte ei brennande pil frå Old Sarum, skjønt dette er ei opplagt segn når ein tek med distansen. Det har òg vorte sagt at pila trefte ein dåhjort som sprang vidare før han fall om og døydde på staden der katedralen no står.

Etter at valet var teke vart bygginga av den nye katedralen byrja av biskop Richard Poore i 1220, det same året ein òg rekna byen som grunnlagt. Hovuddelen vart fullført på berre 38 år og er eit meisterstykke på tidleg engelsk arkitektur. Steinane kom frå Old Sarum. Spiret, som er 123 meter (404 fot) høgt, vart bygd seinare og er det høgaste spiret i Storbritannia. Katedralen vart bygd på ei grusseng med uvanleg smal grunnvoll på ein halv meter med trepåler.

Biblioteket til katedralen inneheld den beste utgåva av dei fire gjenverande originale kopiane frå 1812 av Magna Carta.

I 1386 vart ei stor mekanisk klokke installert i Salisbury-katedralen. Ho er den eldste overlevande mekaniske klokka i Storbritannia og truleg òg i verda.

Romanen Sarum: The Novel of England (1988) av Edward Rutherfurd er ei fiktiv gjenfortelling av historia til Salisbury.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Salisbury har ein marknad på tysdagar og laurdagar og har halde ein regulær marknad sidan 1227. På 1400-talet vart marknadsområdet markert med steinkryss som skilde dei ulike yrkane og varene. I dag er det berre området for fjørfe (Poultry Cross) som er igjen, men i tillegg er støttepilar vorte bygd i 1852.

I 1226 løyvde kong Henrik III biskopen av Salisbury eit brev for å halde ein marknad som varte i 8 dagar frå festen for Jomfru Marias himmelferd den 15. august. I dei påfølgjande hundreåra har datoen for marknaden vorte forskove, men i den moderne tydinga blir ein underhaldningsmarknad enno halde på den same staden i tre dagar frå den tredje måndagen i oktober. Det er enno ei gammal lov som gjeld som slår fast at marknaden kan flyttast viss katedralen stengjer.

Salisbury er godt rusta med kunstnarar og det er mange kunstgalleri i sentrumet til byen. På 1700-talet gjorde John Constable ei rekkje feira landskapsmåleri med motiv som blant anna viser katedralspiret og landskapet rundt. Salisburys årlege kunstfestival, International Arts Festival, blir halde på slutten av mai månad og til byrjinga av juni og har eit variert program med teater, levande musikk, dans, offentlege skulpturar, gateforestillingar og kunstutstillingar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ei full skildring av temaet står i «The Victoria History of Wiltshire», Vol. VI, s. 93-94.

Bilete frå Salisbury[endre | endre wikiteksten]