Salisburyøya
Utsjånad
Salisburyøya | |||
øy | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Del av | Frans Josefs land | ||
Areal | 960 km² | ||
Folketal | 0 | ||
![]() Salisburyøya 80°54′10″N 56°14′08″E / 80.902738888889°N 56.235677777778°E | |||
Wikimedia Commons: Salisbury Island (Russia) |

Salisburyøya (russisk Остров Солсбери; Ostrov Solsberi) er ei øy som ligg sentralt i Frans Josefs land i Russland.
Salisburyøya er relativt stor og lang og har eit areal på 960 km². Det høgaste punktet er 482 meter over havet og nesten heile øya er dekt av is.
Salisburyøya er ein del av undergruppa Zitsjy land i Frans Josefs land. Ho har lite ope hav rundt seg og ligg innklemt mellom Luigiøya og Champøya i sørvest, Zieglerøya i nordaust og Wiener Neustadt-øya i aust.
Øya er kalla opp etter geologen Rollin D. Salisbury (1858-1922) frå University of Chicago. Salisbury var nestkommanderande på Peary-ekspedisjonen.
Salisburyøya må ikkje forvekslast med Salisburyøya i Canada.
Nærliggande øyar
[endre | endre wikiteksten]- Elisabethøya (Остров Елизаветы; Ostrov Jelizavety) er ei 5 km oval øy som ligg 7 km nordvest for Salisbury. Ho er isfri og 121 meter over havet på det høgaste. Øya er kalla opp etter erkehertuginne Elisabeth Marie av Austerrike, dotter til kronprins Rudolf av Austerrike, som Rudolføya, den nordlegaste øya i Frans Josefs land nord, er kalla opp etter.
- Ostrova Kutsjina (Острова Кучина) er to småøyar nordaust for Salisburyøya. Dei er kalla opp etter den russiske polfararen Aleksander Kutsjin, den einaste russaren med på Amundsen sin Sørpolekspedisjon på «Fram». Kutsjin forsvann med Vladimir Rusanov sin mislukka ekspedisjon frå Spitsbergen på skipet «Gerkules» i 1912.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Salisbury Island (Russia)» frå Wikipedia på engelsk, den 7. august 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Plassering
- http://islands.unep.ch/CEO.htm Arkivert 2013-11-25 ved Wayback Machine.
- Rollin D. Salisbury Arkivert 2012-02-08 ved Wayback Machine.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: