Saljut 1

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Romstasjonen Saljut 1 / (DOS-1)
Omtrentlege dimensjonar
Lengde: 13-15 m
Diameter: 4 m
Volum: 90-100 m³
Vekt: 18-19.000 kg
Statistikk
Skoten opp: 19. april 1971
Retur til jordatm: 11. oktober 1971.
Mannskap: 3
I bane rundt jorda: 175 dagar
Bebudd: 24 dagar

Saljut 1 / (DOS-1) (kyrillisk skrift Салют-1) var den første romstasjonen som vart skoten opp i bane rundt jorda. Romstasjonen vart skoten opp den 19. april 1971.

Dei første som vitja romstasjonen var mannskapet frå Sojuz 10. Ein fekk fysisk kontakt med romstasjonen, men ein greia ikkje kople seg til skikkeleg. Tilkoplinga var for usikker til at ein kunne opne dørene mellom fartøyet og stasjonen. Låsen i Soyoz 10 hadde kilt seg fast, viste det seg og etter 5 timar bestemte ein seg for å gje opp forsøket med å kome inn i stasjonen. Deretter viste det seg at ein og hadde problem med å kople seg frå romstasjonen igjen, sjølv om ein til slutt fekk det til. Dei tre kosmonautane om bord Soyuz 10 returnerte til jorda utan å ha vore om bord romstasjonen.

Det andre mannskapet som vitja romstasjonen var Sojuz 11 som etter tre timar kopla seg til romstasjonen og var om bord i romstasjonen i 23 dagar før ein returnerte med Soyouzfartøyet til jorda. Ein ventil som skulle utlikna lufttrykket i fartøyet ved tilbakekomsten til jorda, opnast alt då ein kopla seg frå romstasjonen og all lufta forsvann ut i rommet. Mannskapet på 3 omkom ved tilbaketuren.

Den 11. oktober 1971 brann Saljut 1 opp ved den planlagde tilbakekomsten til jordatmosfæren.