Sally Bradshaw

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sally Bradshaw
FødestadLondon i England
FødenamnSally Bradshaw
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1979
SjangerPop, klassisk musikk
Instrumentvokal
Stemmetypesopran
Verka somOperasopran, forfattar

Sally Bradshaw er ein britisk mezzo-sopran som har spesialisert seg innan opera og konsertar frå barokken. Som soloartist har ho spelt inn mange innspelingar og halde konsertar verda over. Ho har òg samarbeidd med mange artistar både innan klassisk musikk og pop.

Bradshaw har sunge for mange populære artistar, som Pet Shop Boys, Art of Noise og Marc Almond, i tillegg til Mike Oldfield-albumet Tubular Bells II.[1] Sally opna MTV Europe Music Awards i 1998 i Milano med bandet Faithless, og bidrog på comeback-konserten til The KLF, kalla Fuck the Millennium.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sally Bradshaw Discography at Discogs». discogs. Henta 29. mars 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]