Sally Can't Dance

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sally Can't Dance
Studioalbum av Lou Reed
Utgjeve August 1974
Innspelt 18. mars – 26. april 1974
Studio Electric Lady Studios i Greenwich Village i New York City
Sjanger
Lengd 32:58
Selskap RCA
Produsent
Lou Reed-kronologi
Rock 'n' Roll Animal
(1974)
Sally Can't Dance Lou Reed Live
(1975)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Chicago Tribune1/4 starsStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]
Christgau's Record GuideB+[3]
Tom HullC+[4]

Sally Can't Dance er det fjerde soloalbumet til den amerikanske musikaren Lou Reed, gjeve ut i august 1974 på RCA Records.

Steve Katz og Reed produserte albumet. Albumet nådde tiandeplassen på Billboard 200 i oktober 1974, som var den høgaste plasseringa Reed klarte i heimlandet.[5] Det er òg det første soloalbumet til Lou Reed som ikkje inneheld nokre songar opphavleg spelt inn av det tidlegare bandet til Reed, The Velvet Underground, og det var i tillegg det første soloalbumet hans som vart spelt inn i USA. Dei tre førre vart spelt inn i Storbritannia.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Bortsett frå tittelsporet, inneheld albumet «NY Stars» (der Reed gjer narr av «fjerdegrads-imitatorar» som prøvde å imponere han med å kopiere stilen hans), «Kill Your Sons» (tankar om tida han var på eit psykiatrisk sjukehus, som foreldra la han inn på i tenåra), og «Billy», om lagnaden til ein skuleven med meir «normale» ambisjonar enn han sjølv hadde. På sistnemnde songen spelte Velvet Underground-medlemmen Doug Yule bass. I følgje eit intervju med Yule kom telefonen frå Reed «ut av det blå», fordi Reed meinte basstilen til Yule kom til å fungere bra på songen «Billy», og Yule gjekk med på å spele på songen og sa han «likte det» og at han hadde likt innspelinga.[6]

Fleire spor med Yule har dukka opp på nyutgjevingar på CD. Musikarane som spelte på turneen etter albumet var Danny Weis på gitar, Michael Fonfara på klaverinstrument, Prakash John på bass og Pentti «Whitey» Glan på trommer på den europeiske delen. Eric «Mouse» Johnson spelte trommer på den australske og amerikanske delen av turneen. Lydteknikaren på alle desse konsertane var Robin Mayhew, som tidlegare hadde arbeidd med David Bowie under Ziggy Stardust-tida. Året etter kontakta Reed Doug Yule igjen for å spele gitar på verdsturneen hans i 1975.[7]

Sjølv om albumet vart ein hitt og gjorde Reed til ei stor stjerne, var han sjølv misnøgd med produksjonen (der han tok ei nokså passiv rolle) og handsaminga av songane. Reed sa: «Det verkar som at jo mindre involvert i eit album eg er, jo større hitt vert det. Om eg ikkje er på det neste albumet i det heile kan det kanskje gå heilt til topps.»

Etter dei relative kritikarsuksessane Transformer, Berlin og Rock 'n' Roll Animal, fekk Sally Can't Dance stort sett negative meldingar.[8]

Cash Box sa at tittelsongen var «ein bluesaktig forteljande vokal som har gjort Reed til ein særeigen artist» og at han hadde «den same hitkjensla» som «Walk on the Wild Side[9]

I 1974 insisterte plateselskapet hans, RCA Records, ein rask oppfølgjar, medan han var på toppen av karrieren. Han var trøytt av presset som vart lagt på han og platekontrakten hans sa at RCA måtte gje ut alt han gav dei. Han spelte då inn Metal Machine Music - ein time med feedback og støy, som aldri hadde sjanse til å verte ein hit.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Lou Reed.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Ride Sally Ride»4:05
2.«Animal Language»3:03
3.«Baby Face»5:02
4.«N. Y. Stars»4:00
Side to
Nr.TittelLengd
5.«Kill Your Sons»3:41
6.«Ennui»3:40
7.«Sally Can't Dance»2:54
8.«Billy»5:06
Bonusspor
Nr.TittelLengd
9.«Good Taste»3:26
10.«Sally Can't Dance» (singelversjon)2:56

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Henta frå plateomslaget til Sally Can't Dance.[10]

  • Lou Reed – vokal, gitar
  • Danny Weis – gitar, tamburin, korvokal, hornarrangement
  • Paul Fleisher – saksofon på «Billy»
  • David Taylor, Lou Marini, Trevor Koehler, Jon Faddis, Alan Rubin, Alex Foster – horn
  • Steve Katz – munnspel, hornarrangement
  • Michael Fonfara – tangentinstrument, korvokal, hornarrangement
  • Prakash John – bass, korvokal
  • Doug Yule – bass på «Billy»
  • Ritchie Dharma – trommer på «Kill Your Sons» & «Ennui»
  • Pentti "Whitey" Glan – trommer
  • Michael Wendroff – korvokal
  • Joanne Vent – korvokal
Produksjon

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste(1973/74) Plassering
Australia (Kent Music Report)[11] 14
US Billboard 200[12] 10
Nederland 18

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Deming, Mark. Sally Can't DanceAllmusic. Henta 2011-09-02.
  2. Kot, Greg (12. januar 1992). «Lou Reed's Recordings: 25 Years Of Path-breaking Music». Chicago Tribune. Henta 28. mars 2022. 
  3. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: R». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 28. mars 2022 – via robertchristgau.com. 
  4. Hull, Tom (April 1975). «The Rekord Report: Second Card». Overdose. Henta 26. juni 2020 – via tomhull.com. 
  5. «Lou Reed - Chart history | Billboard». www.billboard.com. Arkivert frå originalen 2016-10-10. 
  6. «Doug Yule interview- Perfect Sound Forever». 
  7. «Lou Reed - Live & Alive 1975». 
  8. DeCurtis, Anthony (2017). «Sally Can’t Dance». Lou Reed: A Life. Boston, Massachusetts: Little, Brown & Company. ISBN 978-0316376549. 
  9. «CashBox Record Reviews» (PDF). Cash Box. 12. oktober 1974. s. 20. Henta 29. mars 2022. 
  10. Sally Can't Dance (CD booklet). Lou Reed. RCA Records. 1974. 
  11. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 249. ISBN 0-646-11917-6. 
  12. «Lou Reed > Charts & Awards > Billboard Albums». AllMusic. All Media Network. Henta 2. september 2010.