Salma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 35°41′24″N 36°8′12″E
Salma
سلمى
landsby
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Latakia guvernement
Distrikt Al-Haffah-distriktet
Nahiyah Slinfah
Koordinatar 35°41′24″N 36°8′12″E
Folketal 2 131 (2004) [1]
Tidssone EET (UTC+2)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Salma (arabisk سلمى) er ein landsby nordvest i Syria i Latakia guvernement, nordaust for Latakia. Av stader i nærleiken finn ein Mashqita og Ayn al-Bayda i vest, al-Haffah i sørvest, Aramo og Slinfah 12 kilometer mot sør, og Kinsabba i nord. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Salma eit folketal på 2 131 i 2004.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar, sjølv om kring 80 % av Latakia-distriktet er busett av alawittar.[2]

Salma er kjend for det tørre klimaet og mykje reint vatn. Han ligg kring 800 meter over havet.[3] Før baathistane tok over i Syria i 1960-åra, var Salma ein av få stader i kystfjella som hadde elektrisk straum.[4]

Under den syriske borgarkrigen, flykta dei fleste av innbyggjarane frå Salma, som kom under opprørarane sin kontroll i desember 2012. Han låg så langs frontlinja mellom kampane i Latakia guvernement mellom opprørarane og dei statlege styrkane.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Latakia guvernement. (arabisk)
  2. Balanche, 2006, s. 60.
  3. Guide Arabe Pour Le Commerce, L'industrie & Les Professions Libérales Dans Les Pays Arabes. (1972). Page 12.
  4. Balanche, 2006, s. 88.
  5. Sherlock, Ruth. Syrian rebels cut off Bashar al-Assad’s escape route. The Daily Telegraph. 2012-12-17.