Salqin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 36°8′18″N 36°27′13″E
Salqin
سلقين
by
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Idlib
Distrikt Harem
Nahiyah Salqin
Koordinatar 36°8′18″N 36°27′13″E
Folketal 23 700 (2004) [1]
Tidssone EET (UTC+2)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Salqin (arabisk سلقين) er ein by i Syria i Idlib guvernement. Av stader i nærleiken finn ein Kafr Takharim i søraust, Abu Talha i sør, Dalbiyah i sørvest, al-Alani i nordvest og Isqat i nordaust. Salqin er senteret i ein nahiya (nahiyah) og hadde eit folketal på 23 700 i 2004.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar,[2][3] men her er òg eit lite alawittar-samfunn.[2]

Byen ligg sør i Orontesdalen, 460 meter overh avet. Det veks oliven og frukttre kring Salqin. Det vert eksportert varer frå desse frukthagane i tillegg til grønsaker. Jordbruket nyt godt av dei mange mange kjeldene i Salqin.[3]

Salqin vart nemnt i mellomalderen av den muslimske historikaren Izz al-Din ibn Shaddad al-Halabi som ein stad der ein av 22 forlatne eller ruinerte festningar låg i Aleppo-området. Ho vart truleg øydelagd under mongolinvasjonane av Syria på 1200-talet. Mamelukkane fekk makta i området på den tida og bygde ikkje opp att festninga i Salqin.[4]

Ein tidlegare utdanningsminister og to tidlegare guvernørar i Homs og Raqqah var frå Salqin. I november 2012, under den syriske borgarkrigen, erobra syriske opprørar byen frå regjeringsstyrkar. I følgje antiregjeringsaktivistar, støtta kring 70 % av innbyggjarane i Salqin regjeringa til Bashar al-Assad i januar 2013. Dette har ført til spaningar, men ikkje særleg vald mellom dei to sidene.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Idlib guvernement. Arkivert på [1]. (arabisk)
  2. 2,0 2,1 2,2 Atassi, Basma. syrisk town takes strife in stride. Al Jazeera English. 2013-01-20.
  3. 3,0 3,1 Boulanger, 1966, s. 479.
  4. Raphael, 2010, s. 89-90.