Salt Island i Anglesey
| Salt Island | |||
| øy | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
![]() Salt Island 53°18′58″N 4°37′27″W / 53.3161°N 4.62403°W | |||
| Wikimedia Commons: Salt Island, Anglesey | |||

Salt Island (walisisk Ynys Halen) er ei øy ved Holy Island utanfor Anglesey nord i Wales. Ho skjermar byen Old Harbour frå Irskesjøen.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Øya har fått namne etter ein fabrikk på øya som handsama sjøvatn for å produsere havsalt. Tidleg på 1700-talet vart havsaltet ofte blanda med bergsalt (ofte smugla til øya) for å auke kvaliteten på produktet. Fabrikken vart nedlagt i 1775.
Ein annan bygning som ikkje lenger står på øya, var Stanley Sailor's Hospital. Dette sjukehuset vart oppretta i 1871 av ein lokal filantrop og opphavleg var det berre sjømenn som vart behandla. Det vart derimot raskt eit generelt sjukehus. National Health Service tok over drifta i 1948 og dørene vart lukka i 1987.
Fyr
[endre | endre wikiteksten]Det har stått tre fyr på øya. Det noverande fyret, Holyhead Mail Pier Light, er eit kjegleforma kvitt hus bygt i 1821. Fyret vart teikna av sivilingeniør John Rennie i 1821. Det er truleg det neste eldste fyret i Wales etter Point of Ayr fyr.
Fyret er nasjonalt viktig som eit av verka til John Rennie som har overlevd.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Salt Island, Anglesey» frå Wikipedia på engelsk, den 26. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Hague, D., B., Lighthouses of Wales Their Architecture and Archaeology (Royal Commission on the Ancient and Historical Monuments of Wales, redigert av Hughes, S., 1994) ISBN 1-871184-08-8
