Saltash

Koordinatar: 50°25′N 4°13′W / 50.417°N 4.217°W / 50.417; -4.217
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Saltash

kornisk Essa
Tamar Bridge og Royal Albert Bridge
Tamar Bridge og Royal Albert Bridge
Tamar Bridge og Royal Albert Bridge
Plassering
Saltash is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Cornwall
Distrikt Cornwall
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

14 964
Koordinatar 50°25′N 4°13′W / 50.417°N 4.217°W / 50.417; -4.217
Diverse annan informasjon
Postnummer PL12
Telefon-retningsnummer 01752
Nettstad: www.saltash.gov.uk
Commons har multimedium som gjeld: Saltash

Saltash (kornisk Essa) er ein by i Cornwall, England. Han ligg i han søraustlege delen av grevskapet, på den andre sida av elva Tamar frå Plymouth.

I angelsaksisk tid låg det fleire små busetjingar i området, der særleg Trematon og Burraton er kjent. Kort tid etter normannarane erobra området i 1066 vart det reist ei festning av typen motte-and-bailey omkring 2 km frå Trematon. Det var slottsherren i Trematon som grunnla marknaden i Saltash på 1100-talet.

Saltash fekk den første av fleire hamner i fjordane som strekkjer seg inn frå Plymouthsundet. Han fekk difor jurisdiksjon over ferdsel på vatnet i heile dette områdd, ei ordning som heldt seg heilt til 1901.

Under den engelske borgarkrigen 16421646 var det fleire gongane trefningar i Saltash.

Fleire kjende roarar har kome frå Saltash. Den mest kjende av dei er truleg Ann Glanville, som mellom 1830 og 1850 stilte i ei rekkje konkurransar i ein båt med fire årar rodd av kvinner frå Saltash. Dei vann dei fleste av konkurransane, òg mot mannlege team.

Det vesle huset som Mary Newman, kona til sir Francis Drake, budde i er verna og står i nærleiken av elva.

Isambard Kingdom Brunel la ei bru over Tamar ved byen, Royal Albert Bridge. Han stod ferdig i 1859, blir rekna som eit av meisterverka hans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]