Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark
nasjonalpark
Svartisen med Glomdalen fra fly.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Nordland
Kommunar Rana, Rødøy, Meløy, Beiarn, Saltdal
Areal 2 102 km²
Oppretta 8. september 1989
Tilknytte
verneområde
Saltfjellet, Gåsvatnan, Storlia, Semska-Stødi
Wikimedia Commons: Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark
Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark

Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark er ein nasjonalpark som vart oppretta i 1989.

Saltfjellet–Svartisen er kanskje den mest variasjonsrike nasjonalparken i Noreg. Frå den ville Nordfjorden i vest strekker parken seg via høge fjell og evig is til frodige fjellbjørkedalar med stilleflytande elvar. Parken har òg mange samiske kulturminne.

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Nasjonalparken ligg i Beiarn, Meløy, Rana, Rødøy, Saltdal og Bodø kommunar i Nordland fylke. Det samla arealet i nasjonalparken er om lag 2102 km². Isbreen Svartisen er ein del av parken.

Verneformål[endre | endre wikiteksten]

Formålet med nasjonalparken er:

  • å ta vare på eit vakkert og nært urørt fjellområde med sitt plante- og dyreliv og sine geologiske forekomstar.
  • I tillegg skal nasjonalparken saman med Gåsvatnan og Saltfjellet landskapsvernområde og Storlia naturreservat ta vare på eit samanhengande naturområde med mange samiske og andre kulturminne.
  • å gje folk høve til naturopplevingar i området.

Bruk av nasjonalparken[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonell reindrift er tilatt, og gjerde for husdyrbeite kan haldast vedlike. Fylkesmannen kan gi løyve til merking av stiar og legging av kloppar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]