Saltholm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Saltholm
Geografi
Stad Øresund
Koordinatar 55°38′N 12°45′

Areal 16 km²

Administrasjon
Land Danmark
Kommune Tårnby kommune

Demografi
Folketal 3 (2005)

Saltholm er den 21. største øya i Danmark, og ligg i Øresund 5 kilometer aust for Amager og om lag 12 kilometer frå Rådhuspladsen i København. Øresundssambandet passerer øya om lag ei kilometer mot sørvest, der det er bygd ei kunstig øy, Peberholm, for å knyte saman undervasstunnelen frå Amager med brua over resten av Øresund.

Saltholm er på 16 km² og ikkje høgare enn 1-2 meter over havoverflata. Når det er stormflod, vert øya oversvømd. Det veks så godt som ingen tre på øya, som sidan sidan mellomalderen stor sett har vorte brukt som beiteland. Om lag 1 000 kyr beitar på øya om sommaren. Plantelivet er rikt og omfattar mellom anna blå iris, legeurtane bulmeurt og hjartespam og den sjeldne øresundshønsetarm. Dette førte i 1983 til at øya vart freda, og dei planane som låg føre om ein ny flyplass på øya vart lagt vekk.

Flyfotografi frå juli 2011 av Saltholm, som ligg midt i biletet. Peberholm er å sjå som ei langstrekt, smal øy til høgre for Saltholm, og derfrå er Øresundbrua å sjå som ei tynn line over til Malmö i Sverige.

Øya har det rikaste fuglelivet i Danmark. I trekktida kan øya trekke til seg om lag 70 000 fuglar. 18 000 par fuglar ynglar kvart år på øya, som òg har den største kolonien av ærfuglar i landet. I tillegg har ein liten selkoloni tilhald her.

Saltholms soge[endre | endre wikiteksten]

Saltholm er nemnd for fyrste gong i skriftlege kjelder i kong Valdermars jordebok, omkring år 1230, der det går fram at Valdemar Sejr skjenka øya til roskildebispen Niels. Saltholm vart i 1873 seld av den danske staten til bønder på Amager, og er i dag eigd av om lag 200 andelseigarar. Det har vore faste busetnadar på øya siden mellomalderen, men i 2002 hadde øya berre tre faste innbyggjarar. I åra 1919 til 1936 hadde øya ein skulebygning.

På øya har det vore teke ut kalkstein som vart brukt til mørtel, særleg til gjenoppbygginga av København etter dei omfattende brannane på 1700-talet. Det ervervsmessige uttaket av kalkstein tok slutt i 1935.

Under pestepidemien i 1709 vart Saltholm brukt som karantenestasjon. Alle utlendingar som ønska å vitje København skulle opphalde seg 40 dagar på øya.

Militært har øya vore brukt som ein del av Københavns festning frå byrjinga av 1900-talet. Under den første verdskrigen vart det stilt opp to kanonbatteri på øya, og det vart utstasjonert soldatar. I 1915 vart det bygd eit trallebanespor mellom kanonane og hamna på øya for frakt av utstyr.