Saltenergi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Saltkraft)

Saltenergi eller saltkraft er ei nemning på ei type fornybar energi. Det skjer forsking på korleis denne energikjelda kan utnyttast til generering av elektrisk energi. Energien kjem av utnytting av osmose når ferskvatn frå elver møter saltvatn frå havet.

Ein kan nytta saltenergi ved elveutløp som renn ut i havet. Det er ein osmotisk trykkforskjell mellom ferskvatn og saltvatn på om lag 27 bar. Dette svarer til om lag 270 meters fall. Det finst fleire metoder for å vinna ut denne energien. Dei to måtane som er mest aktuelle er trykkretardert osmose og omvendt elektrodialyse. Begge teknikkane er membranprosessar. Saltenergiteknologien er blitt utvikla i Noreg sidan 1997. Energiselskapet Statkraft har samarbeidd med forskingsstiftinga SINTEF og fått støtte frå Norsk Forskingsråd og NTNU. Det er framleis knytt uvisse til denne energiforma, men optimistar peiker på at det same gjaldt den no svært utbreidde vindenergien.

Korleis vinn ein ut saltenergi?[endre | endre wikiteksten]

Prinsippet ved saltkraftverk kallar ein trykkretardert osmose (TRO). Dette går ut på å utnytta energien som blir frigjeven når saltvatn og ferskvatn blir blanda med kvarandre. Dette skjer ved at dei to vasstypane blir førte inn i kvart sitt kammer skilt av ein membran. Salt vil ikkje kunne trenga gjennom membranen, så ferskvatnet vil danna eit så stort trykk at det kan driva rundt ein turbin. Brakkvatnet som blir produsert ved dette høge trykket kan bli utnytta til å generera elektrisk energi.

Ein sikker og miljøvennleg energikjelde[endre | endre wikiteksten]

Fordi ein ikkje er avhengig av vêr og vind blir saltenergi sett på som ein sikker energikjelde som kan brukast kontinuerleg. Han ureinar ikkje, men kraftverka vil sjølvsagt vera inngrep som kan øydeleggja urørt natur. Men saltkraftverk kan kombinerast med vasskraftverk som allereie finst slik at desse inngrepa blir mindre merkbare. Dei kan òg skjulast ved å ligga i fjellet.

Verdas første feltlaboratorium på saltenergi[endre | endre wikiteksten]

5. juni 2003 opna Statkraft med støtte frå NTNU, SINTEF og Norges forskningsråd eit feltlaboratorium på saltenergi på Sunndalsøra. I dette laboratoriet har ein prøvd ut ulike membranar for å finna ut kva for ein som yter best, kva ein må vedlikehalda og kor lenge dei held. I desse testane har dei nytta vatn frå Aura kraftanlegg og saltvatn frå Sunndalsfjorden. Ved hjelp av desse forsøka er ein eitt skritt nærare å henta ut energi.

Komplette saltkraftverk[endre | endre wikiteksten]

Det finst førebels ingen komplette saltkraftverk som er sette i drift. Bygginga av det første, vesle (10 kW) saltkraftverket er planlagd å starta i Noreg (på Tofte i Hurum) sommaren 2008. Statkraft vurderer å etablera eit fullskala, kommersielt saltenergianlegg i 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]