Saltsjön

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Saltsjön fra Katarinavägen. I bakgrunnen bl.a. Kvarnholmen og Nacka Strand.

Saltsjön er ei bukt i den indre indre hamna til Stockholm, mellom Lilla Värtan og Strömmen. På sørsida ligg Kvarnholmen, Finnboda og Danviken i Nacka og dessutan Södermalm i Stockholm. På nordsida ligg Södra Djurgården.

Gjennom Saltsjön går skipsleia inn til den indre hamna i Stockholm, og dessutan til Hammarbyleden. Vassdjupna er i dag opptil ca 30 meter etter at dei største djupa er brukt til tippeområde. Botnsedimenta er sterkt forureina.

Langs strendene finst det mange vene og imponerande bygningar, til dømes Täcka Udden og Manillaskolan på Södra Djurgården og eldreheimen Danvikshem, mølla Tre Kronor og Saltsjöqvarn i Nacka.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]