Saltstraumbrua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Saltstraumbrua
Saltstraumen quiet.JPG
Saltstraumen med Saltstraumbrua og Børvasstindan i bakgrunnen
Typekulturminne, vegbru, Fritt frambyggbru
StadBodø kommune
Opna1978
StrekningFylkesveg 17
Lengd768 meter
Fri høgd41 m
Største spenn160 m
KryssarSaltstraumen
Materialespennarmert betong

Saltstraumbrua
67°13′51″ N 14°36′41″ E

Saltstraumbrua er ei fritt frambygg-bru som kryssar Saltstraumen mellom Knaplundøya og Straumøya i Bodø kommune i Nordland. Brua er 768 meter lang, lengste spenn er 160 meter og seglingshøgda er 41 meter. Brua har ti spenn. Ho vart opna 1978 og er ein del av Fylkesveg 17.

Brua er teikna av landskapsarkitekt Hindhamar Sundt Thomassen A/S og Ing. A. Aas-Jakobsen A/S. Bygget og arkitektane vart heidra med Betongtavlen i 1985.[1]

Riksantikvaren freda brua 17. april 2008.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]