Salve Hodne
| Salve Hodne | |||
| Fødd | 28. september 1845 | ||
|---|---|---|---|
| Død | 22. februar 1916 (70 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Venstre | ||
| Yrke | politikar, forretningsdrivande | ||
| Alle verv |
| ||
Salve Thomasson Hodne (28. september 1845–22. februar 1916) var ein norsk arbeidsformann og stortingsmann frå Hornnes i Vest-Agder. Han var medlem av Venstre.
Hodne var son til ein lensmann. Han byrja å arbeide ved Ottedals sag i Kristiansand i 1871, frå året etter var han arbeidsformann. Sidan arbeidde han der i over 40 år. Han var medlem av bystyret i Kristiansand frå 1881 til 1908, varaordførar i 1905.
Hodne var 2. representant frå Kristiansand på Stortinget i tre periodar frå 1895 til 1903. Han møtte første gongen på Stortinget i 1892-sesjonen frå 13. juli, då som 2. varamann frå same valkrinsen. I den fyrste perioden som fast representant hadde han sete i justiskomiteen, i dei to siste valbolkane var han medlem av Lagtinget, tollkomiteen og valkomiteen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914