Salve Salvesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Salve Salvesen
Fødd23. september 1909
Død26. desember 1975 (66 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Salve Andreas Salvesen (23. september 190926. desember 1975) var ein norsk organisasjons- og stortingsmann frå Kristiansand. Han møtte på Stortinget frå Vest-Agder og for Arbeidarpartiet i tida 1958-73.

Salvesen var son til ein fabrikkarbeidar. Etter middelskule 1922-25, gjekk han teknisk kveldsskule 1927-29. Han var kasserar i Sørlandets faglege samorganisasjon frå 1933 og sekretær i organisasjonen frå 1936. Frå 1957 var han sekretær og 1960 leiar av Landsorganisasjonen sitt distriktskontor for Sørlandet.

Gjennom 30 år, 1934-63, var Salvesen medlem i Kristiansand bystyre, varaordførar 1945-47. I denne tida var han styremedlem 1940-54 og formann 1954-65 i Kristiansand elektrisitetsverk.

I 1949 vart Salvesen vald inn landsstyret til Det norske Arbeiderparti og til medlem i representantskapet i Landsorganisasjonen. Dei to verva hadde han til høvesvis 1952 og 1956. Stortingsperiodane 1958-61 og 1961-65 møtte han fast på Stortinget som vararepresentant frå Vest-Agder i staden for statsråd Jens Haugland, bortsett frå fem veker i august/september 1963. Sidan representerte han fylket og Arbeidarpartiet som fast representant frå 1965 til 1973. På Stortinget var Salvesen medlem i Sosialkomiteen 1958-61, Finans- og tollkomiteen 1961-65 og formann i Administrasjonskomiteen 1965-73. Den siste valbolken, 1969-73, var han elles varapresident i Odelstinget; fungerande odelstingspresident i to månader hausten 1970.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]