Salvesen & Thams lokomotiv 1–3

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lokomotiv på Thamshavnbanen

Salvesen & Thams lokomotiv 1–3 er tre elektriske lokomotiv bygde for Chr. Salvesen & Chr. Thams's Communications Aktieselskab av British Westinghouse Electrical and Manufacturing Company i Manchester (det elektriske) og W.G. Bagnall i Stafford (det mekaniske) til opninga av Thamshavnbanen i 1908, levert gjennom Elektrisk Bureau i Kristiania. Dei vert rekna blant dei fyrste vellukka ein-fasa vekselstraumslokomotiva i verda.

Alle tre lokomotiva vart skadde i sabotasjeaksjonar under andre verdskrigen, men dei vart bygde opp att, to lok av delar frå alle tre som vart gjevne nummera 2 og 3. Dei vart brukte i persontog fram til neste generasjon med kraftigare lokomotiv overtok i 1950, og etter det i skifteteneste fram til 1963.[1] Nummer 2 vert i dag nytta i museumstog på banen.

Nr. 3 «Ohma Electra»[endre | endre wikiteksten]

Lokomotiv nummer 3 vart overteke av linjeforeninga Sanctus Omega Broderskab ved Noregs tekniske høgskule (NTH), i dag Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim. Det kom til Gløshaugen torsdag 14. september 1972 ved 15-tida, og vart døypt «Ohma Electra» i samband med Phaestum Immatricularus den 21. september.[2]

Det står der på ein 20 meter lang skinnegang av trikkeskjener[2] og er enno køyrbart, men får straum frå ein kabel festa til ei skinne og ikkje frå pantografen på taket.

«Ohma Electra» er, saman med sitt systerlokomotiv nr. 2, verdas eldste ein-fasa vekselstraumslokomotiv som er operative.[treng kjelde]

Linjesamskipnaden AF Smørekoppen har òg eit lokomotiv på Gløshaugen, med namn D/L «Bjørkelangen». Dette er eit damplokomotiv levert til Urskog–Hølandsbanen i 1924.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mjøen 1983.
  2. 2,0 2,1 «Bjørkelangen har fått en venn». På Sporet (Norsk Jernbaneklubb). november 1972. s. 21. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]