Samdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Samdal
stad
Samdal.jpg
Samdal
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Postnummer 5229 KALANDSEIDET
Gardnummer 67

Samdal er ein gard i Fana i Bergen kommune nord for Samdalsvatnet.

Det er framleis gardsdrift på garden.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Samdal sett mot aust og Sveningen

Forstavinga i namnet kjem truleg frå eit eldre elvenamn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Garden høyrte i mellomalderen til Nonneseter kloster. I 1528 vart garden overteken av Vincens Lunge, og fram til 1775 vart han driven saman med Bontveit.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Garden ligg i Samdalen, der Dyrdalselva og Hausdalselva renn saman og dannar Samdalselva. Garden ligg mellom nokre av dei høgaste fjella i Bergen kommune, Sveningen (769 moh) i aust, Hausdalshorga (784 moh) i nord og Lundåsane (361 moh) i vest. Samdalen held fram sørover mot Kalandseidet. Ulvvatnet er eit anna vatn på garden, like sørom Samdalsvatnet.

Garden grensar til Øvstebø i nord, Lund i nordvest, Håland i vest, Fjelltveit i sørvest, Hausdal i nord og Os kommune i aust.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Samdal