Samefolkets parti
Samefolkets parti | |
Farge | regnbue |
---|---|
Partileiar | Birger Nymo |
Ungdomsorganisasjon | ja |
Partiavis | nei |
Internasjonal tilknyting | ingen |
Ordførarar | ingen |
Kommunestyre- representantar | 11 (2007) |
Fylkestings- representantar | 1 (2007) |
Nettstad | www.samefolketsparti.no |
Samefolkets parti, samisk Sámeálbmot bellodat, er eit samisk politisk parti i Noreg. Partiet stiller til val i Sametingsvalet, Fylkestingsvalet og i 2001 og 2005 også til Stortingsvalet.
Partiet har partilag i Alta, Nesseby, Tana, Karasjok, Kautokeino, Oslo, Porsanger/Nordkapp og på Vestlandet. Til stortingsval har partiet berre stilt liste i Finnmark.
Partiet er representert på Sametinget med Ann-Elise Finbog, Márjá-Liissá Partapuoli og Jovna Vars Smuk. Dei to sistnemnde vart vald frå ei fellesliste med Norske Samers Riksforbund.
Klemet Erland Hætta har tidlegare vore ordførar i Kautokeino kommune for partiet.
Ved stortingsvala i 2001 og 2005 stilte Samefolkets parti til val og oppnådde desse resultata i Finnmark:
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
