Samemøtet i 1917

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Deltakarane på det første samiske landsmøtet fotografert i Metodistkyrkja i Trondheim 6. februar 1917. Møtet samla rundt 150 samar frå Noreg og Sverige. 6. februar er sidan vorte samane sin nasjonaldag.
Foto: Schrøderarkivet/Sverresborg

Samemøtet i 1917 var det første samiske landsmøtet. Møtet hadde deltaking av samar både frå Noreg og Sverige. Møtet vart halde i Metodistkyrkja i Trondheim frå 6. til 9. februar 1917. Datoen for byrjinga av dette møtet er i dag samane sin nasjonaldag Møtet samla ca. 150 deltakarar, der dei fleste var sørsamar frå Nordland, Trøndelag og Hedmark.

Elsa Laula Renberg (1877–1931) frå Helgeland og Brurskanken samiske kvinneforening var initiativtakarar til møtet. Renberg var formann for møtet, og heldt opningstalen. Den andre store samiske leiaren i samtida, Daniel Mortenson frå Røros/Elgå, var møteleiar og heldt eit foredrag på møtet om reindrift og korleis ho hadde vorte hemma av Felleslappeloven av 1883. Foredraget utløyste ein debatt som førte til at landsmøtet valde ein eigen reindriftslovkomité. Komiteen la seinare fram eit framlegg til ny reindriftslov som påverka den endelege utforminga av lova i 1919. Den andre hovudsaka på møtet var krava om ein eigen samisk skule, og at borna måtte få undervising i og på samisk.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Elsa Laula Renberg (1877–1931) var reineigar i Brurskanken-fjella sør for Mosjøen. Ho var initiativtakar til møtet. Biletet er truleg teke i 1916 som ledd i marknadsføringa av møtet.
Daniel Mortenson frå Elgå/Røros var ein av dei aktive samepolitikarane i samtida. Han var reineigar, redigerte avisa Waren Sardne, deltok i etableringa av fleire samesamskipnader, og vart vald til dirigent for møtet. Måleri av Astri Aasen.

I åra før møtet hadde samar både i Noreg og Sverige opplevd at kultur og næringsgrunnlaget deira var truga. Difor oppstod det i åra 1904–10 både samiske organisasjonar og tidsskrift.

Arealpress og fornorskning[endre | endre wikiteksten]

Felleslappelova av 1883 var det første større forsøket frå styresmaktene si side på å «få kontroll med samenes reindrift».[1] Lova gjaldt både for Noreg og Sverige, derav namnet. Loven etablerte ordninga med reinbeitedistrikt og innførte prinsippet om kollektivt erstatningsansvar for alle som hadde del i reinbeitedistriktet for skadar reinen påførte landbruket. I 1894 vart grensene for reinbeitedistrikt fastlagt slik at viktige beiteområde som Trollheimen og Gauldalsvidda fall utanfor.[1] Med Tilleggslappelova i 1897 fekk grunneigarane rett til å forby reindrift utanfor reinbeitedistrikta. Hevd og sedvanerett vart dermed sett bort frå. Den rettslege reguleringa av reindrifta var likevel i stadig rørsle, og fleire kommisjonar arbeidde med reindriftsspørsmål fram til den neste reindriftslova kom i 1933.[2]

I Sverige hadde «odlingsgränsen» frå 1867 gjeve flyttsamar bruksrett til beiteland i dei delane av landet som låg høgare enn jordbruksbygdene.[3] Areala vart likevel etter kvart tekne i bruk av nybyggjarar, ein prosess som har vorte karakterisert som «jordbrukskolonisering», slik at reinflokkane vart pressa bort frå dei kjende beiteområda.[4] Erstatningsansvaret til samane for skadane reinen eventuelt gjorde stod fast.

Arealspørsmåla og beiterettane var i særleg grad eit problem i dei sørsamiske områda.[5] I dei nordsamiske områda i Troms og Finnmark var det fornorskingspolitikken som var den største utfordringa, gjennom «skole, næringer, kirke, forsvar og etterretning – gjerne i tett (og intimt) samarbeid».[6] Presset var særleg retta mot samar i «overgangsdistrikta» i kyststrøka og fjordbotnane.[7][8] Ein del av biletet var at skuledirektøren ikkje ville at samiske lærarar skulle undervisa i samiske bygder der dei kunne «være til skade med sine samiskkunnskaper»; dei skulle sendast til ikkje-samiske bygder.

Utanfor Namsos hadde Sameskolen i Havika starta i 1910 som internatskole for barn frå sørsamiske familiar; skulen var på mange måtar ein «fornorskingsskole», men han var òg ein møteplass.[9][10] Finnemisjonen vart stifta i 1888, og brukte frå byrjinga av medvite samisk språk. Etter landsmøtevedtak i 1912 og 1913 tok misjonen inn i vedtektene sine at «organisationen maa i ingen henseende komme i strid med statens arbeid i kirke og skole». Dette vart tolka som støtte til fornorskingsarbeidet.[3]

I Sverige hadde styresmaktene gjennom ei skulereform i 1913 delt samiske born i to grupper, den såkalte «kategoriklyvningen»: barn av reindriftssamar fekk gå på «nomadskolan», medan barn av fastbuande samar måtte gå på vanlege skular, der dei mista den samiske identiteten sin.[2] Dette vert kalla «lapp-ska-vara-lapp»-politikk, der «ekte samar» vart definerte slik at store grupper av samane fall utanfor.[11]

Spørsmålet om reindrift over grensa mellom Noreg og Sverige hadde vore eit vanskeleg tema under Karlstadforhandlingane.[12] Frå gammalt av hadde reindriftssamane lagt lita vekt på riksgrensa, og dei hadde vinterbeite i Sverige og sommerbeite i Noreg. Gjennom Lappekodisillen av 1751 vart denne hevda avtalefesta mellom landa. Etter kvart som eit fleirtal av desse samane vart svenske statsborgarar, vart beiteretten og reindrifta frå Sverige opplevd som ei belastning i Noreg. Ved forhandlingane i 1905 meinte dei at denne grenseoverskridande reindrifta omfattar 80 000–100 000 svenske rein i Troms og Nordland, og til samanlikning berre 7 000 norske rein på vinterbeite i Sverige.[12] Ved Karlstadforhandlingene vart dette til slutt løyst ved at beiteretten vart godteken frå norsk side, men vart innskrenka slik at reinflyttinga måta skje etter 15. juni, 6 veker seinare enn tidlegare regler.

Organisering[endre | endre wikiteksten]

I Sverige vart Lapparnas Centralförbund stifta 5. august 1904, som den første samiske organisasjonen i verda. Samstundes utkom Elsa Laulas kampskrift Inför lif eller död og Torkel Tomasson byrja å utgje Lapparnas egen tidning. Bladet kom med 5 nummer i 1904–05 før det gjekk inn.[13] Den same hausten starta Fatmomakke samesamskipnad nær Vilhelmina, og samesamskipnader i Tärnaby, Glen og Sorsele.[14]

I Noreg medverka Daniel Mortenson til etableringa av Søndre Trondhjems Amts lappeforening – truleg i 1907, og Nordre Trondhjems Amts lappeforening i 1908. Mortenson etablerte òg avisa Waren Sardne i 1910, etter initiativ frå Søndre Trondhjems Amts lappeforening.[15] Denne vart skriven på norsk, med innslag av samisk i notisar. Saman med John Eliassen Boere frå Grong og Martin Jonassen frå Haltdalen utgjorde Mortenson ein delegasjon som i 1908 drog til Oslo for å diskutera sameinast sak med kong Haakon, statsminister Gunnar Knudsen og landbruksminister Foosnæs. Møta skjedde 26. oktober 1908.[4][14][16]

Etter at Elsa Laula og Thomas Renberg gifta seg i 1908, flytta dei til Brurskanken reinbeitedistrikt i VefsnHelgeland. Dei bidrog til danninga av Brurskanken samiske lag i 1907 og Brurskanken samiske kvinneforening i 1910.[4][15]

I nordsamiske område hadde Anders Larsen si avis Saǥai Muittalægje vore ein viktig aktør i dei åra ho kom ut, frå 1904 til 1911. Avisa hadde blant anna støtta den samiske stortingsrepresentanten Isak Saba. Nordsamiske samskipnadsforsøk i 1910 og 1911 stranda før samskipnadene hadde kome ordentleg i gang.[2]

Samane i Trøndelag og Helgeland hadde kome saman til møte i Namsos 15. mars 1910 og 22. februar 1915, og møttest jamleg på Stevneplassen ved Majavatn.[3] Under møtet i 1910 vart Det lappiske forbund freista stifta med utgangspunkt i dei fire samesamskipnadene i Trøndelag og Helgeland, med det er få spor etter denne paraplyorganisasjonen i ettertid.[3][15]

Førebuingar til møtet[endre | endre wikiteksten]

Elsa Laula Renberg (til høgre) var initiativtaker til møtet, og formann for møtet. Journalist Ellen Lie (til venstre) var sekretær for møtet. Anna Löfwander Jarwson (føre) var møtet sin kasserer.[15]

Renberg skreiv 5. mai 1916 eit brev til reindriftsinspektør Kristian Nissen, der ho fortalde at ho i lang tid hadde freista å få til eit større møte for å drøfta «sociala politiske förhold og da i ser paa rendriftens omraade». Brevet vart skrive ombord på hurtigruteskipet «Midnatsol» frå Trondheim til Sandnessjøen, og viser at Renberg i meir enn to år hadde hatt kontakt med journalisten Ellen Lie i Trondheim. Av brevet til Nissen går det fram at mykje verka avklart allereie: «I samraad med en del framstaaende mend og kvinder i Tronhjem samt en del lappar har jeg besluttet at arrangere till et felles lappemöte i Tronhjem till kommande vinter, exp. i jannuar eller februar maaned.»[17][18]

I november 1916 var Renberg på nytt i Trondheim. Her vart ho intervjua av Dagsposten 10. november 1916, og skreiv på ny brev til Nissen.[17][18]

På dette tidspunktet var det meste av programmet klårt, men det sto att å setja datoar for møtet. I brevet til Nissen skreiv ho at Brurskankens samiske kvinnesamskipnad hadde vorte den formelle arrangøren av møtet; at det vart nedsett ein arbeidskomité med fire medlemmar, der ho var leiar og Ellen Lie var sekretær. Heller ikkje då programmet vart presentert i Dagsposten 17. desember 1916 var møtedatoane avgjort; møtet skulle «avholdes omkring 15de februar og varer i 3 dage.» Tidfestinga måtte både ta omsyn til årsrytmen i reindrifta, og at Nissen hadde høve til å delta.[17]

Møtet vart lagt til Trondheim av fleire praktiske omsyn: reiseveg, innkvartering, møtelokale og nærleik til fleire avisredaksjonar.[18] Den direkte, praktiske årsaka var truleg samarbeidet med den engasjerte journalisten Ellen Lie. I intervjua sa Renberg at føremålet med møtet var å vekka samane «fra deres sløvhet til selvtænkning og varetagelse av sine interesser, og for at nordmændene skal lære at kjende os som vi er og kjende os som et folk og derved bli mere interessert for os og vor sak. Det tror jeg best vil ske ved møte i en stor by.»[17]

I byrjinga av januar 1917 vart det klårt at Landbruksdepartementet løyvde 1000 kr i reisestøtte til deltakarane, løyvd gjennom ein kongeleg resolusjon 5. januar 1917. Reindriftsinspektøren var skeptisk til løyvinga, fordi han var redd statsstøtta ville koma i konflikt med rolla til møtet som frie, politiske ytringer.[17] Trondheim kommune løyvde 500 kr til ei kommunal mottaking for møtedeltakarane.

Valet av Metodistkyrkja i Trondheim som møtestad var delvis naturleg, og delvis tilfeldig.[17] Samane var vane til å halda møte i samband med kristelege stemne og i kristne forsamlingslokale. Praktiske spørsmål som plassering, storleik og leigepris kan ha spelt inn, og det kan òg ha hatt tyding at kasserene for møtet, hotelleigaren Anna Löfwander Jarwson, hadde ei tilknyting til Metodistkyrkja.[17] Forutan Metodistkyrkja vart Festsalen til handverkarsamskipnaden brukt under møtet.

Møtet var tenkt å vara i tre dagar – og skulle avsluttast med ein fest i Handverkarsamskipnaden torsdag kveld 8. februar – men vart forlenga med ein dag, og diskusjonane heldt òg fram fredag 9. februar.

Deltakarar[endre | endre wikiteksten]

Deltakarane på møtet fotografert utanfor Metodistkyrkja i Trondheim 6. februar 1917.
Foto: Schrøderarkivet/Sverresborg
Medalje som vart gjeve til deltakarane på møtet.

Det finst ikkje noko samla oversyn over dei ca. 150 deltakarane på møtet.[15][19] Gjennom referata, avisreportasjar, komitélister, fotografi, Astri Aasens måleri med meir, er det likevel mogleg å danna seg eit inntrykk av deltakargruppa.[19][20]

Dei fleste deltakarane kom frå det sørsamiske området i Nordland, Trøndelag og Hedmark. Dagsposten nemner representantar frå «lappedistrikterne Finmarken, Tromsø, Helgeland, Grong, Snaasen, Meraker og Røros.» Omtrent 20 av deltakarane kom frå Sverige.[19] Frå Finnmark kom to deltakarar, Ap-politikaren og heradskasseraren Johan Roska frå Nesseby og reineigaren Klemet Somby frå Karasjok[15], og frå Troms éin: Henrik Persen Heikka.[15] Den låge nordsamiske deltakinga kan dels forklarast med avstandar, men like gjerne med at problemstillingane i kampen til finnmarksamane var annleis: Medan samane i Finnmark var opptekne av folkerettslege spørsmål knytte til fornorskingspolitikken, var det først og fremst interessene til reindrifta som opptok det sørsamiske møtet.[21]

Reindriftsinspektør Nissen skreiv i evalueringa si av møtet til Landbruksdepartementet at det var «140 a 150 deltagere, hvorav ca. 90 a 100 norske nomadelapper eller i rendrift interesserte fastboende norske lapper», i tillegg ca. 20 svenske samar og «resten forskjellige interesserte nordmænd og svensker».[22] Nissen skreiv at berre dei norske samane deltok i møtet sine vedtak og røystingar over resolusjonar. Andre har peikt på at Nissen sjølv var aktiv i diskusjonane.[2][5]

Det var 40 kvinnelege deltakarar, ein høg del på den tida.[15]

Av styresmaktspersonar var særleg reindriftsinspektør Kristian Nissen aktiv både før og under møtet. Han sørgde òg for at alle lappefogdane i Noreg vart invitert til møtet.[15] Andre styresmaktspersonar som deltok som spesielt innbodne var stiftamtmann Bothner i Sør-Trøndelag, biskop Bøckman, amtmann Guldahl i Nord-Trøndelag, ordførar, magistrat, politimeister, avisredaktørane i byen og formennene for lappemisjonane.[19]

Arrangementskomiteen for møtet bestod av Renberg, Ellen Olsen Toven og Anna Renfjell frå Brurskanken samiske kvinnesamskipnad. I tillegg deltok journalist Ellen Lie i Dagsposten i komiteen som førebudde møtet og var sekretæren til møtet. Anna Löfwander Jarwson var kasserar for møtet.[15] Under møtet vart Daniel Mortenson vald til møteleiar medan Johan Roska var visedirigent.[19]

Foredrag og diskusjonar på møtet[endre | endre wikiteksten]

Det var fire hovudsaker på møteplanen: reinbeitesaken, lovgjevinga, skulesaka og organisasjonsspørsmålet.[15] I tillegg var det eit foredrag om tuberkulose, eit lysbiletforedrag av reindriftsinspektør Kristian Nissen om «Lapper og ren i Norge» og eit historisk foredrag av «overlærer Prytz» om rørossamane, med vekt på overfallet på samane ved Dalbusjøen i 1811.[23][24]

På programmet stod òg ei kommunal mottaking, ein middag i Handverkarsamskipnaden, teaterbesøk og omvising i Domkyrkja.

Møtet vart gjennomført på norsk, dels av omsyn til norsktalande gjester, og dels på grunn av skilnaden mellom nordsamisk og sørsamisk. Johan Roska beklaga under diskusjonane at ein ikkje kunne bruka sitt eige språk under møtet.[25]

Reindriftsspørsmålet[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg Sørsamar – Historie – Ekstensiv reindrift

Mortenson heldt foredraget om reindrift. Emnet vart drøfta både ut frå «innenrikske forhold» og «mellomrikske forhold». Diskusjonen om innanrikske tilhøve handla for det første om tap av beiteland som følgje av bureising og annan ekspansjon i landbruket. Vidare diskuterte dei beiteskader og erstattingsprosedyrane for dei, og mistillit mellom samar og «bumenn»/bønder/bygdefolk. Mortenson argumenterte for ein meir næringsretta kjøttproduksjon i reindrifta, med større reinflokkar. Renberg var usamd; ho «fremholdt at hovedbetingelsen er en rational rendrift, hvad enten den gaar ut paa melking eller produktion av kjøt.» «La de lapper som vil producere kjøt faa gjøre det, men la ogsaa os med hjorder paa ca. 100 ren faa ret til at leve paa gammel lappisk vis.[25]» Mortenson var òg oppteken av ein nyleg høgsterettsdom om beiterett og erstatning i Rørosdistriktet som hadde gått samane imot.[15]

Marie Finnskog frå Røros var emissær og deltok på møta både i 1917 og 1921. Under diskusjonen om Felleslappelova heldt ho eit lengre innlegg der ho sa at «retten til å eie landet og beitestrækningerne tilhørte lapperne som var landets første folk.» Måleri av Astri Aasen.[25]
Johan Roska frå Nesseby tok til orde for at det vart starta ei samisk avis. Måleri av Astri Aasen.

Dei mellomrikske tilhøva gjaldt spørsmålet om reinbeite over grensa mellom Sverige og Noreg.

Møtet vedtok ein resolusjon der det vart bede om at sedvaneretten til fritt beite vart oppretthalden, og at staten måtte kjøpa eller ekspropriera nytt reinbeiteland til erstatning for beiteland som no hadde vorte bygd ut. Dei kravde òg endringar i reglane for erstatning etter beiteskadar av rein. Dei ynskte òg endringar i reglene om sal av umerka rein; slik at inntektene frå dette i framtida kunne gå til samiske fellesføremål.

Advokat Ole Tobias Olsen jr. frå Mosjøen deltok òg på møtet og var aktiv i diskusjonane om reindriftslova, i tillegg til at han var éin av to innleiarar til emnet «Lovgivningen». Olsen hadde samarbeidd med Renberg tidlegare, og vart vald som juridisk konsulent i komiteen som skulle arbeida vidare med reindriftsspørsmålet. Dei andre i komiteen vart Thomas Renberg (mannen til Elsa Laula Renberg) og Nils Kappfjeld frå Helgeland, Nils Andersen Nursfjeld og Per Larsen Jomafjeld frå Nord-Trøndelag og Johan Barrok og Mortenson frå Sør-Trøndelag. Denne komiteen møttest igjen i Mosjøen få veker etter landsmøtet, og leverte i 1919 eit eige forslag til ein ny reindriftslov.[15]

Lappelova[endre | endre wikiteksten]

Advokat Olsen og den svenske juristen Torkel Tomasson innleidde om rettslege spørsmål. Tomasson drøfta lappelova og peikte på at ho i fleire spørsmål «ikke faldt i samklang med lappernes interesser»; han sa òg at den indre landbrukskolonialiseringa «hadde berøvet samene den ene rettighet etter den andre».[15][25] Han kritiserte òg avgjerdene som regulerte reinflytting mellom Sverige og Noreg, og meinte at desse var i strid med både naturen til reinen og sedvaneretten.[15]

Olsen drøfta reglene for erstatning etter beiteskader av rein; gjeldande praksis var ofte at skadane vart skjønnstaksert av naboane til den skadelidde bonden og vener.[15] Dei same bøndene og venene deira sat òg i meddomsrett, meinte Olsen.[25] I diskusjonen etter desse foredraga vart det òg trekt fram dei skadane bygdefolk sine laushundar gjorde på reinen.[25]

Diskusjonane om reindrift og lovgjeving hang tett saman, og tok det meste av tida på møtet.[15] Resolusjonane handsama desse spørsmåla samla.

Organisasjonsspørsmålet[endre | endre wikiteksten]

Til å innleia om oppbygging av ein samisk organisasjon hadde dei invitert Martin Tranmæl, dåverande redaktør i Trondheimsavisa Ny Tid. Han rådde til ein struktur med distriktssamskipnader, fylkesforeninger og ei landssamanslutning eller eit skandinavisk forbund.[25]

Johan Roska frå Nesseby tok til orde for at det vart starta ei samisk avis. Han meinte ho burde koma ut på norsk, medan Gunnar Johnsen Vesterfjeld frå Helgeland meinte at ei slik avis kunne bli skriven på både norsk og samisk.[15]

Komiteen som skulle koma med eit framlegg til ny reindriftslov, vart òg beden om å vurdera organisasjonsspørsmålet.

Skulespørsmålet[endre | endre wikiteksten]

Ei merkesak under møtet var kravet om ein eigen samisk skule, og at borna måtte få undervising i og på samisk. Saka vart innleidd med eit foredrag av den svenske nomadskola-inspektøren Vitalis Karnell, som gjorde greie for den nye skuleordninga i Sverige.[11] Møtet meinte likevel at denne løysinga ikkje var aktuell i Noreg.[15] Diskusjonen var elles prega av kritikk av Sameskolen i Havika, ein kritikk som både var oppteken av praktiske og prinsipielle spørsmål.

Etter at det ordinære møtet var avslutta på fredag, vart det – i tråd med diskusjonen fredag – halde eit særleg møte laurdag 10. februar rundt skulespørsmålet. Sanna Jonassen frå Fosen/Namsos hadde teke initiativ til dette møtet.[5] Diskusjonen konkluderte med ein resolusjon som vart vedlagt protokollen for møtet. Her kravde ein at «staten bør ha pligt til at sørge for lappernes undervisning med bibehold av lappisk sprog i skolerne, med lappiske tilsynsmænd og undervisning i saadanne emner, som er nødvendige for lapperne at kjende, hvis de skal kunne eksistere som rendrivende folk.» Resolusjonen peikar på at dette bør ordnast på ulike måtar i sørsamiske og nordsamiske trakter, i og med at ein i sørsamiske område «holder paa at gaa over til fastboende».[26] Dei meinte òg at det måtte vera staten, ikkje misjonen, som skulle ha ansvar for undervisinga.[26]

To parti under møtet[endre | endre wikiteksten]

Det har festa seg eit inntrykk av at det var «to parti» under møtet, eit inntrykk som vart etablert allereie i Reportasjen til Adresseavisen frå møtet same veke.[2][15][27] Seinare historieskriving har veksla mellom å tona denne motsetnaden ned, eller framheva han.[2][5][20]

Mortenson og Renberg vart oppfatta som førarar for kvar si gruppe.[27] Dei to hadde røynsler med ulike former for reindrift. På Røros hadde Mortenson allereie i 1902 byrja skiftet frå intensiv reindriftsnomadisme til ekstensiv reinkjøttproduksjon. Renbergs reinbeitedistrikt på Helgeland tilhøyrde den delen av den sørsamiske reindrifta som seinast gav opp det tette, nære nomadiske livet saman med reinen. Mortenson argumenterte for ei modernisering av reindrifta. ««Det var altså representanter for to ulike reindriftsformer som møttes, med til dels ulike interesser i forhold til hva de ønsket å oppnå med hensyn til revideringen av reindriftsloven. Mortenson ønsket reindriften integrert i det norske samfunnet og en lov i henhold til dette. Renberg var dypt forankret i den tradisjonelle, nomadiske reindriften og var opptatt av å bevare samiske verdier og tradisjoner.»[28]

Mortenson var heller ikkje oppteken av samiskundervising i skulen. Renberg hadde dei motsette standpunkta. Standpunkta har vorte skildra som «særkrav» frå Renberg si side, og «generelle krav» frå Mortenson si side.[2][5] Det var klårt under møtet at representantane for styresmaktene føretrekte generelle, uspesifiserte krav. Nissen lukkast med å avvisa eit resolusjonsforslag frå dei to finnmarksamane med den grunngjevinga at det gjaldt «særinteresser».[2]

Etter møtet[endre | endre wikiteksten]

Mathis Nangos minneplakett på veggen til Metodistkyrkja i Trondheim. Plaketten vart montert 6. februar 1997.
Foto: T.M. Hetland (8. februar 2012)

Møtet førte til ein ny giv i samerørsla. Gjennom lovkomitéarbeidet som vart lagt fram i 1919 «tok samene initiativ på en måte de tidligere ikke hadde makta», ifølgje historikaren Regnor Jernsletten.[29] Eit anna viktig resultat var at avisa Dagsposten i åra framover gav spalteplass til samiske spørsmål og vart eit forum for samisk samfunnsdebatt.[29]

Eit nytt samisk landsmøte vart arrangert i Östersund i Sverige i februar 1918.[30] Her var Torkel Tomasson sentral, og Mortenson blant innleiarane. Nye møte vart òg arrangert i Nord-Noreg i 1919 og 1920. Sámi Sentralsearvi (Samisk sentralforbund) vart stifta i Tromsø sommaren 1919, og arrangerte fleire møte: i Tana 1919 og 1920, i Bossekop 1919 og i Tromsø i 1921.[31]

Sámi Sentralsearvis forsøk på eit nytt samisk landsmøte i Tromsø i februar 1921 hadde lita oppslutning og effekt.[31] Då møtet seinare vart arrangert i Trondheim 18.–21. juni 1921, var det ifølgje Regnor Jernsletten «fullt kontrollert av embetsmenn».[2] Skuledirektør Bernt Thomassen og reindriftsinspektør Nissen hadde kontroll over eit møte som berre samla 40–50 samar.[5]

Gneisten frå 1917 vart likevel kortvarig.[15] Røynslene frå 1921 førte til at samisk organisasjonsliv og -danning låg i dvale i heile mellomkrigstida.[15] Då klimaet for samisk organisasjonsdanning vart betre i etterkrigsåra, deltok barn av både Renberg og Mortenson i dette arbeidet. Landforbundet til Norske Reindriftssamar vart danna gjennom møte i Trondheim i 1947 og Tromsø i 1948, og vart den første varige samiske organisasjonen i Noreg.[15]

Stiftinga av samane sin nasjonaldag[endre | endre wikiteksten]

Etter kvart som den samiske politiske organiseringa i Noreg og Norden skaut fart i etterkrigstida, vart det naturleg å rekna møtet i Trondheim som eit startpunkt for samisk organisasjonsarbeid. Dåverande sametingpresident Ole Henrik Magga skreiv i 1997 at «det historiske ved [møtet i 1917] er at samiske representanter for første gang samles fra store deler av Sápmi for å fremme vår sak som ett folk.»[6]

Under den 15. nordiske samekonferansen i Helsingfors i 1992 vart det semje om å la opningsdatoen for møtet – 6. februar – vera grunnlaget for samane sin nasjonaldag.[32]

80-årsjubileet i 1997[endre | endre wikiteksten]

80-årsjubileet i 1997 vart markert i Trondheim, blant anna med Mathis Nangos minneplakett på veggen av Metodistkyrkja i Trondheim, og med jubileumsdager som omfatta konsertar, teater, gudstenester og ei jubileumutstilling.[33] Samerådet og sametinga i Sverige, Finland og Noreg møttest, saman med utsendingar frå Kola samesamskipnad. Frode Fjellheim og Ulla Pirtijärvi heldt konsert, og Sørsamisk teatergruppe sette opp ei teaterførestilling om Elsa Laula Renberg.[34] Sametingmedlem Åsta Vangberg sat i arrangementskomiteen i 1997, saman med representantar for Samesamskipnaden og Metodistkyrkja i Trondheim.

Tråante 2017[endre | endre wikiteksten]

100-årsjubileet i 2017 vert kalla Tråante 2017. Her møttest Samerådet og sametinga i Sverige, Finland og Noreg. Ein sørsamisk altar vart vigsla i Nidarosdomen 6. februar 2017, og jubileet vart òg markert med utgjeving av ein særskild 20-kronemynt[35] og jubileumfrimerke.[36][37] Det vart arrangert konsertar, konferansar, utstillingar, teatertilstellingar, seminar, og folkeliv på torget i Trondheim med matservering, reinkappkøyring og gratiskonsertar. Ida Marie Bransfjell leidde jubileumsekretariatet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Anna Severinsen. «Opprettelse av reinbeitedistrikt i Sør-Norge : overgrep eller tilrettelegging?». Ottar nr 116–117: 38–54. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 2,8 Jernsletten 1991
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Borgen 1997; s 11–25: «Folkebevegelse»
  4. 4,0 4,1 4,2 Salvesen 1979
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 Braseth 2014; side 368–386
  6. 6,0 6,1 Magga i forordet til Borgen 1997
  7. Otnes 1970; s 129
  8. Ragnhild Sandøy: Fornorsking av Finnmark blei deres liv, Samiske lærerpionerer fra Tanafjorden; Artikkel i boka Samisk skolehistorie 4. Davvi Girji, 2010.
  9. Svein Lund. Samisk skole eller Norsk Standard?. Davvi Girji, 2003.
  10. Bjørn Aarseth. Internatet som sosialt bygdesentrum; hos skuvla.info; fra boka Samisk skolehistorie 1. 2005
  11. 11,0 11,1 Nomadskoleboken; svenskakyrkan.se
  12. 12,0 12,1 Kirsti Strøm Bull. «Reindriftssamene og 1905 Arkivert 2021-10-19 ved Wayback Machine.»; Plan, nr 3–4, 2005
  13. Om Samefolket; samefolket.se
  14. 14,0 14,1 Otnes 1970; side 107–115
  15. 15,00 15,01 15,02 15,03 15,04 15,05 15,06 15,07 15,08 15,09 15,10 15,11 15,12 15,13 15,14 15,15 15,16 15,17 15,18 15,19 15,20 15,21 15,22 Pareli 1988
  16. Jens A. Andersen. «Da namdalssamene møtte kongen og Nordre Trondhjems amts lappeforening ble stiftet». Årbok for Namdalen 1979
  17. 17,0 17,1 17,2 17,3 17,4 17,5 17,6 Borgen 1997; s 27–46: «Brurskanken – Trondheim»
  18. 18,0 18,1 18,2 Johansen 2015; side 115–128: «Møtet»
  19. 19,0 19,1 19,2 19,3 19,4 Borgen 1997; s 91–107: «Deltagere og navn»
  20. 20,0 20,1 Jünge, Åke. «Det første samelandsmøtet». Nord-Trøndelag historielags årbok: 127–140. 
  21. Ivar Bjørklund. «Landsmøtet i 1917 og samebevegelsen i nord» Arkivert 2021-10-19 ved Wayback Machine.; Heimen, nr 2, 2017
  22. Notat datert 11.1.1918, gjengitt i Borgen 1997
  23. Anders Løøv. «En samisk sitje går under på Gauldalsvidda år 1811» I: Festskrift til Ørnulv Vorren. Utgitt av Tromsø museum, 1994. ISBN 8271420178 (ebok fra bokhylla.no)
  24. Et samisk samfunn går under på Gauldalsvidda Arkivert 2011-09-12 ved Wayback Machine.; bloggen Samenes historie
  25. 25,0 25,1 25,2 25,3 25,4 25,5 25,6 Dagsposten i daglige reportasjoner 6.-10. februar 1917; gjengitt hos Borgen 1997
  26. 26,0 26,1 Fra protokollen.
  27. 27,0 27,1 «Lappemøtet og dets betydning». Trondhjems Adresseavis, lørdag 10.2.1917; gjengitt i Borgen 1997
  28. Bård A. Berg. Elsa Laula Renberg: Samemøtet i 1917 i Norsk biografisk leksikon
  29. 29,0 29,1 Regnor Jernsletten. Samebevegelsen i Norge : ide og strategi 1900-1940. Hovedoppgave i historie. Universitetet i Tromsø, 1986. Her sitert etter Borgen 1997, s 109
  30. Bo Lundmark. «'Till möte vi nu samlas i staden Östersund', något om de svenska samernas första allmänna landsmöte 1918». Åarjel-saemieh nr 10 (Saemien sijte): 31–38. 
  31. 31,0 31,1 Johansen 2015; side 129–142: «Etter landsmøtet – ny giv»
  32. nasjonaldag «Samenes nasjonaldag» i Store norske leksikon, snl.no.
  33. «En merkedag for samefolket». Aftenposten, 7.2.1997
  34. «Samejubileum». Nordlys, 3.2.1997
  35. Samisk kunstner er stolt av å ha laget vinnerutkastet til samisk minnemynt; nrk.no, 25.5.2016
  36. Utsmykning med samisk preg i Nidaros domkirke; kirken.no, 23.4.2015
  37. Frimerkeprogram 2017 Arkivert 2017-01-10 ved Wayback Machine.; posten.no

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Borgen, Peder (1997). Samenes første landsmøte: 6.-9. februar 1917 : grunnlaget for samefolkets dag 6. februar. Trondheim: Tapir. ISBN 82-519-1249-0
  • Braseth, Leif (2014). Samer sør for midnattssola, sørsamenes historie, kultur og levemåte. Bergen: Fagbokforlaget. ISBN 978-82-450-1718-2. . Om samemøtet i kapitlet «Landsmøter i en mørk periode», side 368–386
  • Jernsletten, Regnor. «Trondheimslandsmøtet 1917 og samebevegelsen». Åarjel-saemieh nr 4 (Saemien sijte): 75–81. Arkivert frå originalen 15. mai 2007. Henta 19. oktober 2021. 
  • Jernsletten, Regnor (1998). Samebevegelsen i Norge: idé og strategi 1900-1940. Tromsø: Senter for samiske studier, Universitetet i Tromsø. 
  • Johansen, Siri Broch (2015). Elsa Laula Renberg. Karasjok: CálliidLágádus. ISBN 978-82-8263-171-6
  • Otnes, Per (1970). Den samiske nasjon: interesseorganisasjoner i samenes politiske historie. Oslo: Pax. 
  • Pareli, Leif. «Det første samiske landsmøtet – Trondheim 1917». Åarjel-saemieh nr 3 (Saemien sijte): 103–116. 
  • «Protokoll Norske lappers 1ste landsmøte avholdt i Trondhjem 6.-9. februar 1917». Åarjel-saemieh nr 4 (Saemien sijte): 82–88.  Med innledning av Regnor Jernsletten. Også gjengitt i Peder Borgens bok.
  • Salvesen, Helge (1979). «Makt og avmakt i samisk historie. Politisk organisering blant sørsamane rundt hundreårsskiftet», i Årbok for Trøndelag 1979
  • Wuolab, Anne. «Forfatteren Elsa Laula og boka 'Inför lif eller död?». Åarjel-saemieh nr 9 (Saemien sijte): 67–78.