Samenes Landsforbund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Samenes Landsforbund (SLF) er ein organisasjon for samar i Noreg, skipa i 1979, etter Altaaksjonen, som ei motvekt til Norske Samers Riksforbund og Norske Reindriftsamers Landsforbund.

Organisasjonen har hatt størst tilslutnad frå sjøsamar. Han har arbeidd for økonomisk utvikling i sjøsamiske område og for samarbeid med sentrale og lokale styresmakter. SL var motstandar av etableringa av Sametinget og har ikkje støtta kampen dei andre samiske organisasjonane har ført for historiske samiske rettar.

Hans J. Eriksen, som i mange år var leiar i SLF, representerte deretter Frp på fylkestinget i Finnmark, og er no representant for Frp på Sametinget.

I 2010 er SLF i praksis nedlagt og har ingen funksjon som organisasjon.

.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]