Samenes Venn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Samenes Venn er organ for Norges Samemisjon. Bladet vart etablert i 1926 og hadde i 2019 eit opplag på 2100. Bladet er for det meste norskspråkleg, men det har andakter på samisk og norsk. Elles inneheld bladet reportasjar og ferdbrev frå arbeidet til Samemisjonen i samiske område i Noreg og Russland, intervju av medarbeidarar og støttespelarar og informasjon om støttearbeidet i heile Noreg. Bladet gjev òg informasjon om samisk kultur, språk og samfunn. Leiarartiklane tek opp aktuelle spørsmål innan organisasjonen og i norsk kyrkjeliv.

Ansvarleg redaktør er Roald Gundersen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]