Sametingspresident

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Silje Karine Muotka (NSR) har vore sametingspresident sidan 2021.
Foto: Kenneth Hætta/Sametinget
Sven-Roald Nystø, Aili Keskitalo og Ole Henrik Magga, tre tidligare sametingspresidentar frå Norske Samers Riksforbund.

Sametingspresidenten er den øvste politiske leiaren i det norske sametinget og den høgste tillitsvalde blant samane i Noreg.

Val av sametingspresident[endre | endre wikiteksten]

Sametinget baserer verksemda si på parlamentarisme, og sametingspresidenten verd vald ved fleirtalsval i plenum i Sametinget. Deretter peiker sametingspresidenten ut fire medlemmer til Sametingsrådet blant representantane i Sametinget.

Sametingspresidenten og dei andre medlemmene i Sametingsrådet trer ut av plenum og vert erstatta av varaane sine så lenge dei sit i Sametingsrådet. Medlemmene i Sametingsrådet deltar difor ikkje i komitéane i Sametinget eller på vis i den politiske behandlinga av saker i Sametinget.

Makta til sametingspresidenten[endre | endre wikiteksten]

Makta og myndigheita til sametingspresidenten vert avleia av at presidenten er den øvste formelle leiaren for Sametinget, og den formelle makta til presidenten er definert indirekte av samelova og direkte av arbeidsordenen til Sametinget. Mykje av den formelle og uformelle makta til Sametinget er framleis under utarbeiding. Noko av makta til presidenten er eit resultat av etablert praksis sidan opninga av det første Sametinget i 1989.

Myndigheita til Sametinget omfattar mellom anna daglig styring av Sametingsrådet og administrasjonen til Sametinget.

Sametingspresidentar[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Sametingspresidentar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]