Samfundspartiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Samfundspartiet var tidlegare namn på eit politisk parti i Noreg. Partiet henta tankar frå kristendom, korporativisme, teknokrati, sosialpsykologi, økologi og samfunnsøkonomi, og kan vanskeleg plasserast på nokon høgre-venstre-skala[1]. Partiet vart organisert kring forfattaren Bertram Dybwad Brochmann.

Framvekst i krisetid[endre | endre wikiteksten]

Partiet voks fram på 1930-talet mykje som resultat av den økonomiske krisa i mellomkrigstida. Samfundspartiet hadde få formelle strukturar. Slik fekk Brochmann stort spelerom. Han vart overraskande innvald på Stortinget frå Bergen i 1933, og fekk merksemd ved i krisetidene å nekta å ta imot løn for å sitja på Stortinget. Samfundspartiet, ved Brochmanns vararepresentant Gjert E. Bonde, var det einaste partiet som røysta mot Steriliseringslova i 1934. Lova opna for sterilisering av personar med "mangelfullt utviklede sjelsevner", og lova vart særleg nytta ved sterilisering av romanifolket og tatarar.

Ved valet i 1936 vart ikkje Brochmann stortingsrepresentant. Trass i dette vart partiet representert gjennom Sigurd Haakon Jacobsen, innvald frå Nordland fylke. Då okkupasjonen av Noreg under den andre verdskrigen kom i 1940, valde partiet å oppløysa seg sjølv. Sjølv om Brochmann tok avstand frå Vidkun Quisling meinte han at Hitler sin økonomiske politikk var fornuftig. Slike synspunkt vart offentleg gjeve uttrykk for, mellom anna i ei radiotale. Brochmann og fleire av partikameratane vart dømde i landssvikoppgjeret etter krigen. Ved stortingsvalet i 1945 stilte krefter i partiet til val som "Nytt Norge" i Bergen og landkrinsane i Sør-Trøndelag. Nytt Norge vart ikkje representert på Stortinget, men fekk representantar i bystyret i Bergen ved vala i 1945 og 1947.[2]

Oppslutning ved Stortingsval[endre | endre wikiteksten]

Samfundspartiet stilte til val ved tre stortingsval i tida 1933-49, og oppnådde følgjande resultat:

  • 1933: 1,5 %; 1 stortingsrepresentant frå Bergen
  • 1936: 3,1 %; 1 stortingsrepresentant frå Nordland
  • 1945: partiet stilte ikkje lister
  • 1949: 0,7 %; partiet vart ikkje representert på Stortinget

Nytt Norge fekk i 1945 0,12 % av røystene på landsbasis. I dei to valkrinsane dei stilte var resultata:

Ingen stad fekk Samfundspartiet større oppslutning enn i Velfjord kommune i Nordland[3].

  • 1933: 0,2 %
  • 1936: 42,0 %
  • 1945: partiet stilte ikkje liste; valdeltakinga i kommunen sokk til 40,7%, mot 70,0 % ved valet i 1936
  • 1949: 40,2 %

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.nlh.no/ios/Seminar/2000/s-03-24.html Henimot nullpris! Foredrag om Samfundspartiet sin økonomiske politikk
  2. Anders Bjarne Fossen & Tore Grønlie: Bergen bys historie, bd IV (Bergen, 1985)
  3. Arnold Forbergskog: «Velfjord - det politiske 'anderledeslandet'» i Årbok for Helgeland 2007 ISBN 978-82-90148-67-1

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]


Tidlegare politiske parti i Noreg:
Arbeiderdemokratene | Barn-Eldre | Centrum | Demokratiske Sosialistar | Fedrelandspartiet | Fellesliste mot framandinnvandring | Folkeaksjonen mot Bompengar | Framstegspartiet (1957) | Frie Venstre-veljarar | Frihetsvernet | Frisindede Venstre Fylkeslistene for Miljø og Solidaritet | Kristent Konservativt Parti | Kvit Valallianse | Det Liberale Folkepartiet (1972-1988) | Liberale Folkeparti (1957) | Moderate Venstre | Nasjonalalliansen | Nasjonal Samling | Noregs Demokratiske Parti | Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti | Norsk Folkeparti | Norsk Sosialdemokratisk Parti | Politisk Alternativ Hordaland | Det Politiske Parti | Reformpartiet | Rettferdspartiet | Samefolkets Liste | Samfundspartiet | Samlingspartiet | Samlingspartiet Ny Fremtid | Sjukehuslista for bevaring av Vestfold lokalsjukehus | Stopp Innvandringen | Sosialdemokratane | Sosialistisk Folkeparti | Sosialistisk Valforbund | Folkeavstemningspartiet/Tverrpolitisk Liste | Tverrpolitisk Kyst- og Distriktsparti
Sjå òg: Politiske parti i Noreg