Sami Jauhojärvi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sami Jauhojärvi
Sami Jauhojärvi-Trondheim.jpg
Statsborgarskap Finland
Fødd 5. mai 1981
Övertorneå
Idrett langrenn
Yrke langrennsløpar, sportskommentator

Sami Olavi Jauhojärvi (fødd 5. mai 1981) er ein finsk tidlegare langrennar frå Ylitornio. Han vart olympisk meister i parstafetten under Vinter-OL 2014 i Sotsji, saman med Iivo Niskanen. Jauhojärvi vann elles tre VM-bronser, to i parstafett og ei 4 x 5 km stafett. Han vann ei tevling i verdscupen i langrenn, femmila i Trondheim i 2009.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Jauhojärvi kom på sigerspallen i ni tevlingar i verdscupen i langrenn, fyrste gongen i Cavalese 6. januar 2007 og siste gongen i Lahti 8. mars 2015. Sju gonger vart han tredjemann, medan han i sin beste sesong, 2009-sesongen, fekk nest beste tid i eit etapperenn i Tour de ski. Individuelt gjorde han sitt beste langrenn då han sigra på 50-kilometeren i Trondheim den 14. mars 2009. Under verdsmeisterskapen 2009 i Liberec var han med i medaljestriden i parstafetten heilt til målstreken, på lag med Ville Nousianen. Jauhojärvi og Tysklands ankermann Axel Teichmann fekk same sluttid, men Jauhojärvi vart dømd sist og kom såleis på bronseplassen. Nokre dagar seinare vann Jauhojärvi ein ny VM-bronse, då med Finlands mannskap i 4 x 5 km stafett.

Under Ski-VM 2011 i Oslo enda Jauhojärvi på femteplass på 15 km i klassisk stil. Tre år seinare stod striden om sigeren i parstafetten under dei olympiske vinterleikane i Sotsji mellom arrangørlandet Russland og Finland. På oppløpet imponerte Jauhojärvi stort og slo den spurtsterke russiske ankermannen Maksim Vylegzjanin med eit lite sekund. Jauhojärvi sin parkamerat i Sotsji var Iivo Niskanen. Dei same to utøvarane tok bronsen i same øvinga under Ski-VM 2017 på heimegrunn i Lahti, då var Niskanen ankermann.

Jauhojärvi la opp etter OL-sesongen 2018.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]