Sami Siida of North America

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sami Siida of North America (Davvi-Amerihká Sámi Siida) er ei laust organisert samling av regionale grupper, hovudsakleg i Canada og USA, som har samisk arv og kultur til felles og stammar frå dei arktiske og subarktiske delane av Noreg, Sverige, Finland og Kolahalvøya i Russland. Dette området er tradisjonelt blitt omtalt med endonyma Sápmi og Sameland eller eksonymet «Lappland». Individuelle medlemmer av North American Siida er innvandrarar eller etterkomarar av innvandrarar herfrå, eller støttespelarar for samisk kultur utan å ha direkte samisk avstamming.

Føremål[endre | endre wikiteksten]

North American Siida held ofte opplæringsførestillingar, samiske samlingar og tilknytte tilstellingar i løpet av året, ofte i samband med andre skandinaviske tilstellingar som FinnFestUSA, American Swedish Institute og Norwegian-American Bygdelagenes Fellesraad (NABF).[1] Siida held også større samlingar omtrent annakvart år kalla «Siiddastallen».[2] Innan NABF har Siida ein sterk representativ status som eit eige Lag innan denne organisasjonen, som Lapmark Lag.[3]

Siida funger òg som eit kulturelt lager for å spreia og utveksla kunnskap til eindkilpersonar om samisk kultur og gje moralsk støtte til ein kulturell identitet som er spreidd ut over ein heil verdsdel. North American Siida legg også vekt på individ rekna som ‘eldre’ i eit samfunn på grunn av den kulturelle kunnskapen sin. Siida har også ein observasjonsplas ved Samerådet.[treng kjelde]

Det samiske sidasystemet som organisasjonen har namn etter dekkjer eit vidt spekter av samiske kulturelle og økonomiske interesser, som beiterettar i samband med reindridft, geografiske og ulike økonomiske avtalar, og kan ha ulik juridisk definisjon i kvart av dei skandinaviske landa. I Nord-Amerika har ikkje «siida» ei slik juridisk tyding. I staden er han danna av ei gruppe individ og familiar som har valde å identifisera seg med og støtta samisk kultur og saker knytt til det å vera innvandrarar som nordamerikanske samar.

North American Siida blei skipa i februar 1996. Nyheitsbrevet Arran er den offisielle utgjevinga til organisasjonen, og kjem ut fire gonger i året. Arran er basert i Minneapolis i Minnesota i USA.

Leiarar[endre | endre wikiteksten]

  • 1996-2000 : Anja Kitti-Walhelm
  • 2000-2005: Cari Mayo
  • 2005-2011: Marlene Wisuri
  • 2012-2016: John Edward Xavier
  • 2016-no : Mervi Maarit Salo

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. [1] Arkivert December 24, 2007, ved Wayback Machine.
  2. «Største «Siiddastallan» noensinne». Nrk.no. Henta 18 October 2014. 
  3. [2] Arkivert July 16, 2007, ved Wayback Machine.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]