Samir Qasir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Samir Qasir
Verkeleg namn سمير قصير
Fødd 5. mai 1960
Achrafieh Sjå dette på Wikidata
Død

2. juni 2005 (45 år)
Achrafieh Sjå dette på Wikidata

Yrke politikar, journalist, skribent, universitetslærar, historikar
Organisasjon Université Saint-Joseph
Ektefelle Giselle Khoury Sjå dette på Wikidata
Prisar Index Award

Samir Qasir, òg skrive Samir Kassir (5. mai 19602. juni 2005), var ein libanesisk-fødd lærar og journalist av kristen bakgrunn. Han underviste ved Universitetet i Paris I: Panthéon-Sorbonne og ved St. Josefsuniversitetet i Beirut. I den libanesiske avisa al-Nahar, der han var førstesidespaltist, såvel som i ymse europeiske media, tala han sterkt for demokrati i Libanon, og han var ein vidkjend kritikar av Syria si rolle i Libanon. Som ein av grunnleggjarane av den demokratiske venstrerørsla i Libanon spela han ei viktig rolle under dei anti-syriske demonstrasjonane etter mordet på tidlegare statsminister Rafiq Hariri. I tillegg gjekk han inn for at dei syriske troppane måtte trekkje seg ut av Libanon.

Samir Qasir vart snikmyrda av ukjende personar med hjelp av ei bilbombe ved heimen sin i den hovudsakleg kristne bydelen Ashrafiyeh i Beirut den 2. juni 2005, få dagar etter det libaneiske valet.[1][2] Sidan han hadde fått ei rekkje trugsmål frå libanesiske og syriske etterretningsoffiserar, meinte mange libanesarar at mordarane hans kom frå det libanesisk-syriske tryggleiksapparatet eller restar etter denne organisasjonen.[3]

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • 2003: Histoire de Beyrouth
  • 2004: Considérations sur le malheur arabe

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Chronology Of Events: 2005». Mediterranean Politics 11 (2): 279–308. 2006. doi:10.1080/13629390600683048. 
  2. «Beirut Blast Kills Anti-Syrian Journalist». Asharq Alawsat (Beirut). Associated Press. 2. juni 2005. Henta 23. Aapril 2013. 
  3. Independent 3 June 2005 Syria's troops have gone. So who killed Samir, Lebanon's fearless Robert Fisk

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]