Samira Efendi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Samira Efendi
ESC 2021 Rotterdam 1st Semi Jury Show Azerbaijan.jpg
Fødd17. april 1991 (31 år)
FødestadBaku
FødenamnMal:Lang-az
OpphavAserbajdsjan
Aktiv2009–
Sjangerjazz
Instrumentvokal
Verka somsongar

Samira Efendijeva (fødd 17. april 1991) er ein aserbajdsjansk songar. Ho brukar artistnamnet Efendi, tidlegare Samira Efendi.[1] Ho skulle representere Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland med songen «Cleopatra»,[2] men 18. mars 2020 avlyste EBU tevlinga på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020. I staden avgjorde den aserbajdsjanske kringkastaren İTV at Efendi skulle få representere Aserbajdsjan i 2021 med songen «Mata Hari».[3][4]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Efendijeva vart fødd og voks opp i den aserbajdsjanske hovudstaden Baku. Ho oppnådde popularitet i heimlandet etter å ha delteke i lokale og nasjonale songtevlingar som Yeni Ulduz (2009), Böyük Səhnə (2014) og The Voice of Azerbaijan (2015–2016), der ho vart nummer tre.[2] I 2017 var ho den aserbajdsjanske representanten i vokalisttevlinga Silk Way Star, arrangert i Almaty i Kasakhstan, der ho kom på tredjeplass.[2][5] Ho representerte nok ein gong Aserbajdsjan under songfestivalen Voice of Nur-Sultan i Nur-Sultan i Kasakhstan i 2019.[2]

28. februar 2020 kunngjorde den aserbajdsjanske tv-kanalen İTV at ein jury hadde vald Efendi til å representere Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland.[2] Ho skulle opptre med songen «Cleopatra», men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020. Efendi representerte i staden Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest i 2021 med «Mata Hari». Ho deltok i den fyrste semifinalen tysdag 18. mai og kvalifiserte seg til finalen laurdag 22. mai. Der kom ho på ein 20.-plass[6]

Flørting med norske TIX[endre | endre wikiteksten]

Efendi gjorde seg merka i dagane før den fyrste semifinalen, etter at den norske deltakaren TIX sende fleire kjærleikserklæringar til ho via Instagram.[7] Etter kvart svara ho på meldingane via eigne postar på Instagram.[8] Sidan heldt dei to fram med å flørte via sosiale medium, og dei møttest til fleire dater i finaleveka.[9][10][11] Flørtinga mellom dei to fekk stor merksemd hos presse, fans og arrangørar, og fekk sin eigen emneknagg på Instagram: Efentix.[12] Enkelte pressefolk og fans spekulerte likevel på om flørtinga var eit PR-stunt for å skape merksemd, men TIX avviste dette i ein videofilm han la ut på sin eigen YouTube-konto.[13]

Både Aserbajdsjan og Noreg deltok i den fyrste semifinalen og begge land kvalifiserte seg til finalen. Der hadde dei startnummer etter kvarandre.[14]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Titlar År Album
«Yarımın Yarı» 2019 Ikkje frå album
«Sen Gelende»
«Yol Ayrıcı»
«Cleopatra» 2020
«Mata Hari» 2021

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Azerbaijan releases Efendi's Eurovision 2020 song 'Cleopatra'». eurovision.tv. 10. mars 2020. Henta 10. mars 2020. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «Meet Azerbaijan's Eurovision 2020 artist Samira Efendi». Eurovision.tv. 28. februar 2020. Henta 28. februar 2020. 
  3. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Azerbaijan: Samira Efendi Confirmed As Eurovision 2021 Representative» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  4. «🇦🇿 Azerbaijan: "Mata Hari" Is Revealed As The Title Of Efendi's Entry For Eurovision 2021» (på engelsk). 13. mars 2021. Henta 13. mars 2021. 
  5. Dyussembekova, Zhazira (5. oktober 2017). «Qazaqstan TV starts broadcast of Silk Way Star contest». The Astana Times (på engelsk). Henta 28. februar 2020. 
  6. «First Semi-Final 2021: The Qualifiers» (på engelsk). 18. mai 2021. Henta 21. mai 2021. 
  7. «Efendi & TIX - A Eurovision Saga - Eurovision 2021» (norsk bokmål). Henta 21. mai 2021. 
  8. «Dette sier hun om Tix-flørten» (på norsk). 19. mai 2021. Henta 21. mai 2021. 
  9. «Tix med blomster til «en viss jente» – VG Nå: Nyhetsdøgnet» (på norsk). Henta 21. mai 2021. 
  10. AS, TV 2. «Avslører romanse - så angrer han umiddelbart» (på norsk). Henta 21. mai 2021. 
  11. «Eurovision participants TIX and Efendi 'date' almost every day | Show» (på engelsk). 21. mai 2021. Henta 21. mai 2021. 
  12. Dønvold-Myhre, Henriette Eilertsen, Lars Barreto (21. mai 2021). «Dette sier hun om Tix-flørten» (på norsk). Henta 21. mai 2021. 
  13. «TIX & Efendi – The Eurovision Love Story». TIX / YouTube. 21. mai 2021. Henta 21. mai 2021. 
  14. «⭐️ Grand Final Running Order ⭐️» (på engelsk). 20. mai 2021. Henta 21. mai 2021.