Samisk grammatisk historie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Samisk grammatisk historie eller samisk morfologisk historie er det historiske oversynet over utviklinga av det samiske bøyingsverket frå ursamisk til dei moderne samiske språka.

Vi kan rekonstruere det finsk-samiske urspråket som eit agglutinerande språk, samanlikna med dei moderne samiske språka er dei austersjøfinske språka langt meir aggultinerande.

Substantivmorfologi[endre | endre wikiteksten]

Kasus[endre | endre wikiteksten]

Mikko Korhonen har rekonstruert det ursamiske kasussystemet slik (1981):

Kasus Eintals-
suffiks
Fleirtals-
suffiks
Tyding/bruk
Nominativ *-k Subjekt, objekt for imperativ
Akkusativ *-m *-jtē Objekt
Partitiv *-tē Partielt objekt, rørsle frå
Genitiv *-n *-j Eigartilhøve
Essiv *-nē *-jnē Vere (som)
Inessiv *-snē Vere på innsida av
Elativ *-stē *-jstē Ut frå / ut av
Illativ *-s̯ën *-jtēs̯ën (N)
*-jtē (S)
*-j̯t̯ën (In)
Bort til, inn i
Komitativ *-jnē
*-jnë (In, Lu)
*-j (+ *kuojmē) I lag med, med hjelp av
Abessiv *-ptāk̯ëk - Utan, manglande

Dette kasussystemet har utvikla seg til dei moderne systema på følgjande måte:

For sørsamisk er det få endringar. Sørsamisk har ikkje partitiv eller abessiv.

Personbøying av substantiv[endre | endre wikiteksten]

Sammallahti[1] sett opp dette rekonstruerte paradigmet for ursamiske possessivsuffiksendingar.

Ursamiske possessivsuffiks [2]
Kasus Person Numerus
Singularis Dualis Pluralis
Nominativ 1. *-më *-mën *-mēk
2. *-të *-tën *-tēk
3. *-sē *-sēn *-sēk
Akkusativ 1. *-më *-mën *-mēk
2. *-mtë *-mtën *-mtēk
3. *-msē *-msēn *-msēk
Oblik 1. *-në *-nën *-nēk
2. *-ntë *-ntën *-ntēk
3. *-ssē *-ssēn *-ssēk

I nordsamisk har vokalen i singularisformene falle. Deretter har final *-m (eller den siste «-m» ) vorte til -n, så suffiksa er -n, -t, -s. I dualisformene har final -n falle, men vokalen står att, så formene er -me, -de, -ska. I pluarisformene har final -k vorte til -t, og formene er -met, det, set, Sjå avsnittet om possessivsuffiks i artikkelen nordsamisk morfologi for det moderne nordsamiske paradigmet.

I sørsamisk ...

Verbmorfologi[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sammallahti (1998:73)
  2. Sammallahti 1998, s. 73.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]