Samisk språkforsking i Russland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Samisk språkforsking i Russland fell i tre periodar, i tsartida, i dei første to tiåra etter den russiske revolusjonen, og i etterkrigstida.

Perioden før den russiske revolusjonen[endre | endre wikiteksten]

Sentrale namn på 1900-talet er Nikolaj Haruzin, Alexandra Yakolevna Efimenko og Zachary Chernyakov.

Dei første tiåra etter revolusjonen[endre | endre wikiteksten]

Sentrale namn er Vladimir Vladimirovitsj Tsjarnoluskij, David Aleksejevitsj Zolotarev, Vasilij Kondratjevitsj Alymov, F.G. Ivanov-Djatlov, Nikolaj Nikolajevitsj Volkov.

Skriftfestinga av kildinsamisk[endre | endre wikiteksten]

På same måte som for dei andre minoritetsspråka i Sovjetunionen, fekk det empiriske arbeidet eit oppsving i samband med den sovjetiske språkpolitikken. I 1932 drog ei gruppe frå Institut Narodov Severa til Notozero for å studere samisk. Resultatet vart ei ABC-bok basert på kildinsamisk (men med ein del trekk frå notozerosamisk), utgjeve i 1933. Sentral i dette arbeidet var A.G. Endjukovskij (Endjukovskij 1937). Grunnen til at kildindialekten blir lagt til grunn oppgir Endjukovskij til å vere det at dialekten er både sentral reint geografisk og talmessig mykje større enn dei andre dialektane. Med unntak av notozerodialekten (som er ein dialekt av skoltesamisk) er skilnaden koladialektane imellom meir leksikalsk enn eigentleg grammatisk, slik at Endjukovskij konkluderer at det er mogleg å skape eitt samisk skriftspråk. På bakgrunn av arbeid utført på reisa i 1933 publiserte Endjukovskij også skolebøker i lesing og rekning, grammatiske oversikter, eit par barnebøker, og politiske brosjyrar.

I 1937 vart det latinske alfabetet bytta ut med det kyrilliske. Endjukovskij publiserte også dei to lærebøkene som kom på kyrillisk i 1937, ei ABC-bok og ei lesebok (jfr. Kurutsj 1977). Kert 1975:210 skriv at undervisninga i samisk stoppa allereie i 1937, utan at han fortel korfor.

I 1982 kom den første nyare ABC-boka ut, skrive av Aleksandra Andreevna Antonova. Kurutsj 1977 seier at grunnen til at undervisninga på samisk skulle startast opp att var at ein hadde komme fram til at samiske barn hadde så mange interferensfeil i russisken sin at deira morsmål ikkje kunne vera russisk, og at ein derfor måtte gå inn for samisk som fag i skolen.

Etterkrigstida[endre | endre wikiteksten]

Den viktigaste lingvisten har vore G.M. Kert. Han har skrive ei lang rekkje artiklar, og standardverket om kolasamisk, Saamskij jazyk ('samisk språk'), i 1975. Innanfor leksikografi har Rimma D. Kurutsj i lag med m.a. Nina E. Afanasjeva, Aleksandra A. Antonova og andre gjeve ut ordboka Saamskij slovar´ (1985).

Andre aktive språkforskarar var P.M. Zajkov og V.V. Senkevitsh-Gudkova. Zajkov skreiv ein liten monografi over akkalasamisk fonologi og morfologi frå 1988 og ei kolasamisk tekstsamling frå 1988 (i lag med V.Z. Panfilov og G.M. Kert), men har seinare arbeidd med karelsk.

Viktige arbeid[endre | endre wikiteksten]

  • Endjukovskij, A.G. 1937: Saamskij (loparskij) jazyk. Jazyki i pis'mennost' narodov severa. tsjast' I. Moskva-Leningrad.
  • Kert, Georgij Martynovitsj 1975: Saamskij jazyk. Osnovy finno-ugorskogo jazykoznanija. Pribaltijsko-finskie, saamskij i mordovskije jazyki. pp.203-247. Moskva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå også[endre | endre wikiteksten]