Samiske valkrinsar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Valkrinsane ved Sametingsval ██ Austre valkrins ██ Ávjovári valkrins ██ Nordre valkrins ██ Gáisi valkrins ██ Vesthavet valkrins ██ Sørsamisk valkrins ██ Sør-Noreg valkrins

Valkrinsar[endre | endre wikiteksten]

Frå og med Sametingsvalet i 2009 er det 7 valkrinsar til det norske sametingsvalet.

  1. Austre valkrins (Nuortaguovllu válgabiire / Østre valgkrets) femner Sør-Varanger, Nesseby, Vadsø, Vardø, Båtsfjord, Tana, Berlevåg, Lebesby og Gamvik kommunar. Seks representantar skal veljast frå kretsen.
  2. Ávjovárri valkrins (Ávjovári válgabiire / Ávjovárri valgkrets) femner Karasjok, Kautokeino og Porsanger kommunar. Ni representantar skal veljast frå kretsen.
  3. Nordre valkrins (Davveguovllu válgabiire / Nordre valgkrets) femner Nordkapp, Måsøy, Kvalsund, Hammerfest, Hasvik, Alta, Loppa, Skjervøy, Kvænangen og Nordreisa kommunar. Seks representantar skal veljast frå kretsen.
  4. Gáisi valkrins (Gáiseguovllu válgabiire / Gáisi valgkrets) femner Kåfjord , Storfjord, Lyngen, Karlsøy, Tromsø, Balsfjord, Målselv, Bardu, Lenvik, Berg, Torsken, Tranøy og Sørreisa kommunar. Seks representantar skal veljast frå kretsen.
  5. Vesthavet valkrins (Viestarmera válggabijrra / Viesttarmeara válgabiire / Vesthavet valgkrets) femner Dyrøy, Salangen, Lavangen, Gratangen, Skånland, Ibestad, Harstad, Kvæfjord, Andøy, Øksnes, , Sortland, Hadsel, Vågan, Vestvågøy, Flakstad, Moskenes, Værøy, Røst, Lødingen, Tjeldsund, Evenes, Narvik, Ballangen, Tysfjord, Hamarøy, Steigen, Sørfold, Bodø, Fauske, Saltdal, Gildeskål, Beiarn og Meløy. Fem representantar skal veljast frå kretsen.
  6. Sørsamisk valkrins (Åarjel-Saepmie veeljemegievlie / Sørsamisk valgkrets) femner Nordlandskommunane frå og med Rana og Rødøy og sørover, alle kommunane i Nord- og Sør-Trøndelag fylke, Sunndal, Surnadal og Rindal kommunar i Møre og Romsdal fylke, og Engerdal, Rendalen, Os, Tolga, Tynset og Folldal kommunar i Hedmark fylke. Tre representantar skal veljast inn frå kretsen.
  7. Sør-Noreg valkrins (Lulli-Norgga válgabiire / Sør-Norge valgkrets) femner dei delane av Sør-Noreg som ikkje høyrer til den Sørsamiske valkretsen, det vil seie fylka Møre og Romsdal utom Sunndal, Surnadal og Rindal, Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland, Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Vestfold, Buskerud, Akershus, Oslo, Østfold, Oppland og Hedmark utom Engerdal, Rendalen, Os, Tolga, Tynset og Folldal kommunar. Fire representantar skal veljast frå kretsen.

Valkrinsar 1989-2005[endre | endre wikiteksten]

Ved vala i 1989, 1993, 1997, 2001 og 2005 vart det vald inn tre medlemmer frå kvar av desse valkretsane:

  1. Várjjat/Varanger (kommunane Sør-Varanger, Nesseby, Vadsø, Vardø og Båtsfjord)
  2. Deatnu - Tana (kommunane Tana, Berlevåg og Gamvik)
  3. Kárášjohka - Karasjok (Karasjok kommune)
  4. Guovdageindnu - Kautokeino (Kautokeino kommune)
  5. Porsáŋgu - Porsanger (kommunane (Porsanger, Lebesby, Nordkapp og Måsøy)
  6. Áltá/Fálesnuorri - Alta/Kvalsund (kommunane Kvalsund, Hammerfest, Alta, Hasvik og Loppa)
  7. Davvi-Romsa - Nord-Troms (kommunane Kvænangen, Nordreisa, Skjervøy, Kåfjord, Storfjord og Lyngen)
  8. Gaska-Romsa - Midt-Troms (kommunane Karlsøy, Tromsø, Balsfjord, Målselv, Bardu, Lenvik, Berg, Torsken og Tranøy)
  9. Lulli-Romsa - Sør-Troms (Sørreisa, Dyrøy, Salangen, Lavangen, Gratangen, Skånland, Ibestad, Harstad, Bjarkøy og Kvæfjord)
  10. Davvi Nordlánda - Nordre Nordland (kommunane Andøy, Øksnes, , Sortland, Hadsel, Vågan, Vestvågøy, Flakstad, Moskenes, Værøy, Røst, Lødingen, Tjeldsund, Evenes og Narvik)
  11. Gaska Nordlánda - Midtre Nordland (kommunane Ballangen, Tysfjord, Hamarøy, Steigen, Sørfold, Bodø, Fauske, Skjerstad, Saltdal, Gildeskål, Beiarn, og Meløy)
  12. Lullisámeguovlu - Sørsameområdet (kommunane i Nordland fylke frå og med Rana og Rødøy og sørover, Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag og Engerdal kommune i Hedmark)
  13. Lulli-Norga - Sør-Noreg (fylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland, Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Buskerud, Vestfold, Akershus, Østfold, Oppland, Hedmark (bortsett frå Engerdal kommune) og Oslo)