Samkommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein samkommune er eit forpliktande samarbeid om tunge kommunale oppgåver mellom to eller fleire norske kommunar. Samkommunen er eit eige sjølvstendig organ og har ein eigen administrasjon med personar som er tilsette i samkommunen. Eininga er er leia av eit samkommunestyre som er vald mellom kommunestyremedlemmene i dei deltakande kommunane.

Samkommunar er tillate etter Forsøkslova (maks 6 år). Det vert arbeidd med å lovfeste samkommunemodellen.

Frå 2010 er det to samkommunar i Noreg, begge i Nord-Trøndelag. Dette er Innherred samkommune[1]og Midtre Namdal samkommune[2].

Innherred samkommune er eit samarbeid mellom kommunane Levanger og Verdal. Midtre Namdal samkommune består på same måte av kommunane Namsos, Namdalseid, Fosnes og Overhalla.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]