Samlar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frimerkesamling med frimerke frå Japan i eit innstikkalbum.
Denna artikkelen handlar om samling som hobby og yrke. For informasjon om samlarar av føde i framande og tidlegare kulturer, sjå jakt og sanking.

Ein samlar er ein person som samlar på noko, enten som yrke eller berre som hobby og fritidssyssel.

Barn som samlarar[endre | endre wikiteksten]

Å samle på noko er ein vanleg hobby blant barn, ofta den første hobbyen som barnet får. Barn samlar ofta på bokmerke, klistremerke, flaskekorkar og steinar. Litt eldre barn samlar gjerne på frimerke, samlekort og idolbilde. Felles for barn som samlarar er at det dreier seg om objekt som enten kan finnast i nærmiljøet, eller som er relativt billege i innkjøp. At barn driv med samlingar fyller ofte ein viktig funksjon, då barnet lærer seg å halde orden, og å klassifisere gjenstandane i samlinga.

Ein del av ei samling kleshengarar.

Vaksne som samlarar[endre | endre wikiteksten]

Vaksne samlarar kan ha samlingar som spenner over dei mest ulike område. Ein vaksen samlar vil snart oppdage behovet for å avgrense samlinga. Eit barn som samlar på frimerke samlar gjerne på alle frimerka som barnet kjem over, medan ein vaksen samlar gjerne avgrensar seg til eit eller fleire land, ei viss tidsperiode eller visse tema. Velståande samlarar kan legge betydelege beløp i samlinga. Slike samlingar kan bli kjende, og i somme tilfelle vil slike samlingar kunne danne grunnlaget for eit museum.

Eksempel på vanlege samleobjekt[endre | endre wikiteksten]