Samlingspartiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Samlingspartiet var tidlegare namn på eit politisk parti i Noreg. Ved Stortingsvalet hausten 1903 fann Høgre og moderate krefter frå Venstre saman. Partiet Moderate Venstre gjekk for ein stor del inn i Samlingspartiet, og gjekk i 1906 inn i Høgre. Samlingspartiet hadde front mot Venstre sin sosial- og unionspolitiske radikalisme og eit framveksande sosialdemokrati. Sentrale personar knytt til Samlingspartiet var mellom anna Christian Michelsen, Wollert Konow (SB) og Bjørnstjerne Bjørnson. Samlingspartiet gjekk i 1903 til val på eit politisk program som mellom anna inneheldt løfter om tingingar med Sverige framfor einsidige norske utspel i konsulatsaka.

Optimisme knytt til forhandling vann fram i 1903. Samlingspartiet og Høgre vann valet med 63 representantar mot Venstre sine 49. George Francis Hagerup frå Høgre danna regjering 22. oktober 1903. Etter unionsoppløysinga i 1905 var Samlingspartiet tiltenkt å halda fram i rolla som borgarleg samlingsalternativ ved valet i 1906. Det skulle syna seg at samlingspolitikken ikkje overlevde unionsoppløysinga. Då unionsproblemene var løyste, smuldra semja opp og motsetnadar kom opp i dagen. Frisindede Venstre førte seinare vidare mange av tankane til Samlingspartiet.