Sammy Figueroa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sammy Figueroa er ein amerikansk perkusjonist fødd i The Bronx i New York. 18 år gammal vart han med i bandet til bassist Bobby Valentín og var med å leia det brasiliansk/latinske fusion-gruppa Raices.

Han vart oppdaga av jazz-fløytisten Herbie Mann og vart ein velkjend studiomusikar som spelte på albuma og turneane til Brecker Brothers, Average White Band, Morrissey - Mullen, John McLaughlin sitt Mahavishnu Orchestra og Miles Davis.

Han har òg spelt med Blondie, Sonny Rollins, Dave Sanborn, Quincy Jones, Dave Grusin, George Benson, Chet Baker, Stanley Clarke, Grover Washington, Jr., Al Jarreau, Lena Horne, Joe Williams, Mark Murphy, Mike Mainieri, Nestor Torres, Chico O’Farrill, Mike Stern, Dave Grusin, Chuck Loeb, Bobby Watson, Dave Valentin, Arturo Sandoval, Paquito D’Rivera, Rubén Blades, Eddie Palmieri, Bobby Valentín, Tania Maria, Mariah Carey, James Taylor, Dr. John, Mick Jagger, David Bowie, Celine Dion, Blues Traveler, Natalie Merchant, David Lee Roth, Hall & Oates, Joe Cocker, Rickie Lee Jones, Annie Lennox, Whitney Houston, Anita Baker, Grace Jones, James Ingram, Diana Ross, Roberta Flack, Aretha Franklin og mange andre.

Av R&B-hittar han har spelt på finn ein Sister Sledge sin «We Are Family», Luther Vandross sin «The Night I Fell In Love» og Ashford and Simpson sin «Solid (Like a Rock)», samt dei fleste discohittane til Nile Rodgers og Bernard Edwards i Chic og Sister Sledge.

To av platene hans, And Sammy Walked In og The Magician, har vore nominerte til Grammy-prisar i kategorien årets beste latinjazz-album.

Figueroa er programleiar for eit latinjazz-program på radiokanalen WDNA-FM i Miami i Florida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]