Sammy McIlroy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sammy McIlroy
235px
Personleg informasjon
Fullt namn Samuel Baxter McIlroy
Fødd 2. august 1954 (65 år)
Fødestad Belfast i Nord-Irland
Høgd 178 cm
Posisjon Midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1971–1982 Manchester United 342 (57)
1982–1985 Stoke 133 (14)
1985–1986 Manchester City 13 (1)
1986 Örgryte 7 (0)
1986–1989 Bury 100 (8)
1988VfB Mödling (lån) 6 (1)
1989–1991 Preston 20 (0)
1991–1993 Northwich 8 (0)
Totalt 629 (81)
Landslag
1972–1987 Nord-Irland 88 (5)
Trenar for
1992–1993 Northwich
1993–2000 Macclesfield
2003–2004 Stockport
2005–2011 Morecambe
Landslagstrenar for
2000–2003 Nord-Irland
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Sammy McIlroy, fullt namn Samuel Baxter McIlroy, (fødd 2. august 1954) er ein nordirsk tidlegare fotballspelar som spelte på Manchester United frå 1971 til -82. Midtbanespelaren var i 1977 med om å vinne FA-cupen.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

McIlroy fekk sin ligadebut 9. november 1971 mot byrivalen Manchester City på bortebana Maine Road. Framfor fullsette tribunar, 63 366 tilskodarar, skåra han Uniteds fyrste mål og la opp til det siste i ein kamp som enda 3–3. Resten av sesongen vart han ofte nytta som innbytar og skåra i alt fire ligamål. Ei bilulykke i januar 1973 gjorde at McIlroy gjekk skadd i fleire månader. 1973/74-sesongen var han med då Manchester United rykte ned i 2. divisjon. Sesongen etter var han ein nøkkelspelar på eit United-mannskapet som gjekk til topps i divisjonen.

Både i 1976, 1977 og 1979 deltok McIlroy i finalen FA-cupen. I mai 1976 tapte Manchester United overraskande 0-1 mot Southampton FC, eit lag som nett hadde bokført nedrykk frå topp-divisjonen. Året etter vann Manchester United FA-cupfinalenWembley stadion i London med 2-1 over Liverpool FC. Knappe to år seinare, den 12. mai 1979, var Arsenal FC finalemotstandar på Wembley. Her utlikna McIlroy til 2-2 tre minuttar før ordinær tid ute. Arsenal svarte omgåande og sikra seg pokalen med ei skåring av Alan Sunderland.

Bryan Robson, Englands beste fotballspelar i fyrste halvdel av 1980-åra, vart Manchester United-spelar i 1981, hamna McIlroy på innbytarbenken. I februar 1982 vart dermed McIlroy overført til Stoke City mot £350 000, ein rekordhøg sum for Stoke. Etter Stoke rykte ned frå toppdivisjonen i 1985, var McIlroy ein sesong i Manchester City og 1986-89 i Bury-drakt. Han avslutta med nokre sesongar i Preston North End og i Northwich, før han la vekk fotballskorne i 1993.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

McIlroy var berre 17 år og 198 dagar gammal, då han, 16. februar 1972, med trøye nr 10, fyrste gongen stilte opp for Nord-Irland. Noko som gjorde han til den tredje yngste britiske landslagsspelaren nokon gong. I åra fram til og med 15. oktober 1986 deltok han 88 landskampar. Han skåra fem mål på landslaget, det fyrste kom då Nord-Irland sjokkopna og leia 2-0 over Noreg etter 5 minuttars spel. Kampen, som gjaldt EM-kvalifisering, fann stad i Belfast den 29. september 1975, og var returoppgjeret etter Noreg på heimebane slo Nord-Irland 2-1 på Ullevål stadion i Oslo i september 1974, der også McIlroy var med. Han deltok i alle fem kampane då Nord-Irland gjorde ein god figur under Fotball-VM 1982. McIlroy var lagkaptein for Nord-Irland i 18 kampar, mellom anna under VM i fotball 1986. Både i 1979 og 1984 spelte han alle tre kampane då Nord-Irland vann det britiske landslagmeisterskapen. I 1984-meisterskapen skåra han det andre målet i oppgjeret mot Skottland, kampen enda med 2-0 til Nord-Irland, eit mål som faktisk avgjorde turneringa ettersom alle fire laga enda opp med ein siger, ein uavgjort og eit tap.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av FA-cupen:1977 med Manchester United
  • Tap i FA-cupen:1976 og 1979 med Manchester United
  • Britisk meister: 1979 og 1984: for Nord-Irland

Kjelder[endre | endre wikiteksten]